Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Økonomirapport september 2017

Negativ skatteutvikling i Klepp vert delvis motvirka av meirvekst for landet samla.  Avdelingane er venta å halde rammane.  Mindre lønnsvekst enn tidlegare utrekna gjer noko innsparingar.  Samla er det venta eit mindreforbruk på 2,8 millionar i denne prognosa.  Mindreforbruk på investeringane vert fulgt opp med revidering av framdrift og budsjett i 2. tertialrapport.

Drift

Skjema 1A (tal i heile mill.) Rekneskap 2016 Rekneskap 2017 Budsjett 2017 Prognose 2017 Avvik Prog.-Revidert Budsjett
Skatt på inntekt og formue -534,0 -421,3 -538,0 -528,0  10,0 

Ved utgangen av september var skatteinntekta 7,7 millionar lågare enn periodisert budsjett 1,8%. Hovudårsaka er lågare innbetalingar i skattetrekk, forskotsskatt og restskatt enn på same tid i fjor. Veksten for landet samla er på 3,9%. Klepp sitt skattenivå i forhold til landet er no om lag 94% mot budsjettert 98 %. Avviket mot landet vert kompensert med 60 % av differansen pr. innbyggjar.
Rådmannen er uroa over utviklinga i Klepp sitt skattefundament og konsekvensane for tenestetilbodet i åra som kjem.
Det vert lagt fram forslag om nedjustering av skatteanslaget med 10 millionar til 528 millionar.

Rammetilskot -414,4 -342,9 -414,7 -426,8 

-12,1 

Som følgje av skatteveksten for landet samla er inntektsutjamninga i rammetilskotet oppjustert. Oppjusteringa er høgare enn nedgangen i skatteinntekter slik det ser ut no. Nye prognosar kjem i statsbudsjettet 12. oktober.
Det vert i denne omgang lagt fram forslag om å justere rammetilskotet tilsvarande nedgangen i skatt på 10 millionar.

Sal frikraft (Klepp energi AS) -1,1 -0,7 -1,0 -1,0  0,0 
Rentekompensasjon -3,5 -0,5 -3,3 -3,3  0,0 
Tilskot flyktningar -28,9 -28,1 -28,2 -28,2  0,0 
Diverse inntekter -6,6 -1,2 0,0 0,0  0,0 
Sum frie disponible inntekter -988,5 -794,7 -985,2 -987,3  -2,1 
Renteinntekter          
Ordinære renteinntekter -4,5 -1,5 -3,8 -2,8  1,0 
Renter lån energiselskap -4,1 -1,9 -3,7 -3,7  0,0 
Renteinnt. Etableringslån/Startlån -2,0 -1,2 -2,1 -1,9  0,2 
Kalk.renter og avskrivninger (VA) 7,2 0,0 -1,8 -1,8  0,0 
Utbytte Energiselskap -25,8 -28,3 -28,3 -28,3  0,0 
Gevinst finansielle instrumenter -0,9 -0,3 0,0 0,0  0,0 
Renteutgifter          
Ordinærer renteutgifter 17,4 12,3 17,1 16,8  -0,3 
Renteutg. Etableringslån/Startlån 2,8 1,5 3,5 3,0  -0,5 
Tap finansielle instrumenter 0,2 0,0 0,0 0,0  0,0 
Avdrag på lån 58,5 26,4 67,0 67,0  0,0 

Rentenivået er litt redusert i løpet av året, men det er ikkje venta vesentlege avvik netto i forhold til budsjett. Viser og til vedlagt finansrapport.
Som følgje av rebudsjettering av investeringar og låneopptak kan avdraga reduserast med 1 million i årets budsjett. Det vert lagt fram forslag om det.

Netto finansinnt./utgifter 48,7 7,2 47,9 48,4  0,4 
Avsett disposisjonsfondet 15,7 17,9 17,9 17,9  0,0 
Avsett forsikringsfond 0,1 0,0 0,1 0,1  0,0 
Avsett flyktningefond (overføres etater) 28,9 0,0 28,2 28,2  0,0 
Bruk av tidlegare mindreforbruk -18,2 -17,9 -17,9 -17,9  0,0 
Bruk av ubundne avsetningar 0,0 0,0 -4,1 -4,1  0,0 
Netto avsetningar 26,5 0,0 24,2 24,2  0,0 
Overført til investeringar 17,3 0,0 4,2 4,2  0,0 
Seniortiltak 1,4 0,2 1,8 1,8  0,0 
AFP 62-65 0,3 2,0 3,5 3,5  0,0 
Bruk av pensjonspremiefond i KLP -1,1 0,0 0,0 0,0  0,0 
Tidlegare års premieavvik 8,2 0,0 10,8 10,8  0,0 
Årets premieavvik -18,4 0,0 -14,8 -14,8  0,0 
Lønsreserve 0,0 0,0 6,2 4,4  -1,8 

Det er venta at lønnsoppgjeret vert om lag 1,8 millionar lågare enn budsjettert grunna lågare lønnsvekst enn lagt til grunn.

Tilleggsløyving formannskapet 0,0 0,0 0,1 0,1  0,0 
Diverse utgifter -0,3 0,8 0,0 0,8  0,8 

Klepp har inngått utbyggingsavtaler som medfører tilbakeføring av mvakompensasjon til utbyggjarane. Utbetalingar vert gjort over drift og inntekta kjem på investeringsbudsjettet. Rådmannen foreslår å auke posten med 1 million overført av frigjorte middel frå avdrag.

Sum diverse 7,4 2,9 11,8 10,8  -1,0 
Til fordeling drift -905,9 -784,6 -901,2 -904,0  -2,8 
      
Skjema 1B Rekneskap 2016 Rekneskap 2017 Budsjett 2017 Prognose 2017 Avvik Prog.-Bud.
Sentraladministrasjonen 47,6 35,3 47,3 47,3  0,0

Ventar ikkje meir eller mindreforbruk og vil gå i balanse ved årsslutt.  Det er meirforbruk på 200.000 i tilskot til andre trussamfunn som følgje av auke i medlemmar.  Meirforbruk vert dekka innan ramma.

Skule og barnehage 424,1 315,9 429,3 429,3  0,0

Kommunalsjefen reknar med at etat for skule og barnehage vil koma ut med eit mindreforbruk ved årsslutt. Fleire av barnehagane har mindreforbuk og barnehagesjefen har eit stort mindreforbruk pga. høgare inntekter frå andre kommunar pga. barn frå andre kommunar har barnehageplass i Klepp og færre Kleppbarn enn budsjettert har plass i andre kommunar.

Helse og velferd 322,7 293,7 327,0 327,0  0,0

Helse og velferd regner med å komme i balanse i slutten av året.

Lokal utvikling 84,8 55,7 87,6 87,6  0,0

Ventar ikkje meir eller mindreforbruk og vil gå i balanse ved årsslutt.

Kyrkja 8,9 9,0 10,0 10,0  0,0
Ventar ikkje meir eller mindreforbruk og vil gå i balanse ved årsslutt.
VAR 0,0 -15,7 0,0 0,0  0,0

Ventar ikkje meir eller mindreforbruk og vil gå i balanse ved årsslutt.

Sum fordelt 888,0 693,8 901,2 901,2  0,0 

Meir-/mindreforbruk (-)

-17,9  -90,7 0,0  -2,8  -2,8 

 Samle venter rådmannen eit mindreforbruk på om lag 2,8 millionar ved årsslutt.

Utvikling 12 månadars netto forbruk

12mnd løpende nettoforbruk
Fram til nå ligg etatane sitt forbruk litt i underkant av budsjettramma og utviklinga er flat.

Skatteinntekter og arbeidsmarknad

Skatteutvikling sept 2017ArbeidsledighetArbeidsledighet Rogaland

Skatteveksten er negativ i dei fleste av jærkommunene, mens øvrege kommunar i fylket og landet har positiv vekst.
Arbeidsløysa er redusert dei siste månadane etter toppen kring nyttår.  Arbeidsløysa er no lågare enn for eit år siden. NAV melder om færre varsel om permitteringar og oppsigelsar og auka tal på utlysingar.

Investeringar

Nr Prosjektnavn Type Rekneskap 2017 Budsjett 2017 Rekneskap totalt Kostnads-ramme
1000 IT/EDB Løpande 2633 3733    
1006 Telefoni/IP/kabling Etterarb. 28 62    
1009 Bil IKT Tidsavgr. 131 0    
Leasingbil kjøpt ut etter leieperiode.  Finansiert frå sentralaministrasjonen sitt disposisjonsfond.
1110 Ombygging Rådhuset Tidsavgr. 453 507 5212 5300
1400 Omsorgsbustader Tidsavgr. 1534 12214 18316 42000
To moduler kjøpt inn og montert.
1401 Flyktningebustader Løpande 0 20000    
Har ikke vært behov for å kjøpe nye boliger hittil i 2017.
1411 SAL EIGEDOM PARKVEGEN Tidsavgr. 384 370 414 400
Klar for salg.
1440 Diverse tomtekjøp Løpande 0 2850    
1443 Renotomta (Stasjonsvegen 22) Tidsavgr. 0 360 5638 6000
2000 IT/EDB undervisning Løpande 8449 7600    
Prosjektet har eit meirforbruk på ca. 800.000,-, men etaten har vedtatt å bruka 3,4 mill. av disposisjonsfodet i 2017 til læringbrett, så meirforbruket vil bli dekka av det.
2010 Tu skule nybygg Etterarb. 30 0 155975 156191
2014 Fellespost skulane Løpande 0 4323    
2015 UU-tiltak skulane Løpande 388 0    
2017 Engelsvoll skule inventar 2015 Tidsavgr. 49 42 2007 2000
2019 PÅBYGG BORE SKULE Tidsavgr. 2537 20717 2820 93000
Auka kostnadsramme i K.sak 13/17: Utviding Bore skule - reviderte planar
2022 Vardheia ungdomsskule Tidsavgr. 2391 1441 17350 133000
Auka kostnadsramme i K.sak 6/17: Vardheia ungdomsskule - godkjenning av justert avtale med Time kommune
2028 IDRETTSHALL BORE U. SKULE 2017 Tidsavgr. 933 10000 933 48000
2116 Uteområder skule Løpande 1480 2404    
2124 Inneklima/brannsikring skular Løpande 226 0    
2173 Engelsvoll skule Tidsavgr. 20 0 55012 55000
Kostnader til garantibefaringer.
2182 Orstad skule/grendehus - utbedr. Tidsavgr. 665 1683 2456 3500
Pågående arbeider gjelder etablering av kantine ved Orstad skole.
2235 Orre barnehage påbygg Etterarb. 1 0 20362 21000
2236 Orre barnehage uteområde Etterarb. 1 0 759 1000
2237 Orre barnehage inventar Etterarb. 5 0 1005 1000
2255 Soveskur barnehager Tidsavgr. 69 999 371 1900
3016 BOLIGSOSIAL HANDLINGSPLAN Tidsavgr. 3812 3000 3812 10000
Kommunen har kjøpt to små leiligheter hvorav den ene foreløpig ikke er overtatt. Oppfølging boligsosial handlingsplan. Søkes om lån og tilskudd fra Husbanken.
3017 Lokaler flyktningetenesten Tu Tidsavgr. 479 500 479 500
Arbeidet er ferdig.
3240 Avlastnings- og barnebustad Tidsavgr. 0 320 807 1140
5101 Turstier/friluftsliv Løpande 0 421    
Bevilgning foreslått overført til 5111 Turveg Kleppelunden i tertialrapport 2-2017.
5110 BORESTRANDA P-PLASS OG TOALETT Tidsavgr. 25 5000 25 5000
5111 Turveg Kleppelunden Tidsavgr. 1236 0 1236 0
Finansierast frå 5101 Turstier/friluftsliv, ubundne kapitalfond og spelemidlar.
5302 Oppgrad. leikeplasser Løpande 1126 2000    
5303 DRIFTSBYGGNING PARK Tidsavgr. 3 0    
5329 ISBANE JÆRHAGEN 2017 Tidsavgr. 0 4800 0 4800
6000 Maskinkjøp teknisk Løpande 992 759    
6019 EL-BILER Tidsavgr. 801 823 978 1000
6030 KONTOR OG LAGER ROGNEVEGEN 2017 Tidsavgr. 2315 2000 2315 2000
6032 Rognevegen 1 VAR 2714 0    
6100 Klimaplan/Enøk Løpande 0 3631    
6339 Kjøp fra konkursbo RenoNorden VAR 250 0    
6548 Nye VA-prosjekt VAR 1624 26729    
6549 Kloakering Damsgård-Friestad VAR 67 0    
6551 Flomsikring Kleppekanalen VAR 386 0    
6553 Kloakering Sveinsvoll VAR 1795 0    
6554 Flomsikring Klepp st VAR 186 0    
6555 Flomsikring Orstad VAR 163 0    
6556 Kloakering Skeie-Vik VAR 572 0    
6700 Trafikksikring Løpande 102 2050    
6711 Sentrumsutvikling Løpande 150 4005    
6720 Gatelys Løpande 754 789    
6721 Lys tursti Frøylandsvatnet Avslutta 93 0    
6722 Lys Frøyl.vatn Laland-Time gr. Tidsavgr. 503 73 4631 4200
6724 TURVEG FIGGJOELVA Tidsavgr. 0 1000 0 2500
6756 Gang- sykkelveg Lalandsvegen Tidsavgr. 390 17239 1151 18000
6758 Veg utbyggingsavtale Sporafjell Tidsavgr. 592 12000 592 12000
6760 RIVING TU SKULE Tidsavgr. 25 2000 25 2000
7015 Klepp gravplass - opparbeiding Tidsavgr. 70 25339 2732 27500

Finansområdet

  • Rentenivået er stabilt/moderat fallande og er venta å halde seg på et lågt nivå resten av året.
  • Årets låneopptak på 114,5 millionar til investeringar og VAR vart tatt opp i januar.  Det er forslag om nedjustering i 2. tertialrapport i samband med rebudsjettering.

Likviditetssituasjonen

Likviditetsutvikling august 2017
Figuren viser samla disponible midler på konti i SR-Bank tidlegare år og til no i 2017.  Det er i tillegg plassert 50 millionar i Sparebanken Sør til betre betingelsar enn bankavtale.