Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Økonomirapport juli 2017

Negativ skatteutvikling i Klepp vert delvis motvirka av meirvekst for landet samla.  Avdelingane er venta å halde rammane.  Mindre lønnsvekst enn tidlegare utrekna gjer noko innsparingar.  Samla er det venta eit meirforbruk på 0,7 millionar i denne prognosa.  Mindreforbruk på investeringane vert fulgt opp med revidering av framdrift og budsjett i 2. tertialrapport om ein månad.

Drift

Skjema 1A (tal i heile mill.) Rekneskap 2016 Rekneskap 2017 Budsjett 2017 Prognose 2017 Avvik Prog.-Revidert Budsjett
Skatt på inntekt og formue -534,0 -319,9 -538,0 -530,0  8,0 

For Klepp er veksten så langt negativ med 5,3 millioner tilsvarande -1,63 % mot same periode i 2016.  Samanlikna med budsjett ligg inntekta 3,5 millioner lågare, tilsvarende en svikt på omlag 1 %.  Innbetaling av tilleggsforskot i mai og juni vart som venta vesentleg lågare enn i 2016 kor auka var omlag 10 millioner.  Denne var kjend og med i budsjettanslaget.  Hovudforklaringa til den svake utviklinga er nedgang i betalt trekk frå arbeidsgiverne med ei nedgang på 0,55 % samlet.  Dette indikerer ein svak utvikling i løn og sysselsettjing i Klepp.  På grunn av endring av margin, vedtatt av kommunestyret i desember 2016, veks kommunens del av skattetrekket med i underkant av 1,5 %.  Nye prognosar tydar på at skatteinngangen vert mellom 530 og 532 millioner, 6-8 millioner lågare enn revidert budsjett, og 2-4 millioner lågare enn 2016.  Oppgjer av margin og fordelingstall i november er ennå svært usikkert.  Desse vart svært positive i 2016 og en trur på noko av den same effekten i år og.

Rammetilskot -414,4 -301,4 -414,7 -420,0 

-5,3 

Skatteveksten for landet ligg no 3,91 % over fjoråret.  Skatteveksten for landet er i 2017 anslått til 1 %. 2016 vart prega av store ekstraordinære inntekter i mai/juni og november. Tala tyder no på at skatteveksten kan bli høgare enn regjeringa sitt siste anslag, grunna auka innbetaling av skattetrekk.  Veksten i % er venta å falle utover hausten. Lågare folkevekst i 2016 trekke skatteutjamninga ned, auka nasjonal vekst opp.  Ved utgangen av juli hadde Klepp ein skatt pr. innbyggjar i forhold til landet på 94,1 % mot budsjettert 98 % og 2016 på 98 %.  Prognosa legg til grunn eit nivå på 95-96 %.
Sal frikraft (Klepp energi AS) -1,1 -0,7 -1,0 -1,0  0,0 
Rentekompensasjon -3,5 -0,5 -3,3 -3,3  0,0 
Tilskot flyktningar -28,9 -16,0 -28,2 -28,2  0,0 
Diverse inntekter -6,6 -1,2 0,0 0,0  0,0 
Sum frie disponible inntekter -988,5 -639,7 -985,2 -982,5  2,7 
Renteinntekter          
Ordinære renteinntekter -4,5 -1,5 -3,8 -3,0  0,8 
Renter lån energiselskap -4,1 -2,2 -3,7 -4,3  -0,6 
Renteinnt. Etableringslån/Startlån -2,0 -1,0 -2,1 -1,9  0,2 
Kalk.renter og avskrivninger (VA) 7,2 0,0 -1,8 -1,8  0,0 
Utbytte Energiselskap -25,8 -28,3 -28,3 -28,2  0,0 
Gevinst finansielle instrumenter -0,9 -0,2 0,0 0,0  0,0 
Renteutgifter          
Ordinærer renteutgifter 17,4 9,5 17,1 17,0  -0,1 
Renteutg. Etableringslån/Startlån 2,8 1,5 3,5 3,0  -0,5 
Tap finansielle instrumenter 0,2 0,0 0,0 0,0  0,0 
Avdrag på lån 58,5 23,0 67,0 67,0  0,0 
Netto finansinnt./utgifter 48,7 0,7 47,9 47,8  -0,2 
Avsett disposisjonsfondet 15,7 0,0 0,0 0,0  0,0 
Avsett forsikringsfond 0,1 0,0 0,1 0,1  0,0 
Avsett flyktningefond (overføres etater) 28,9 0,0 28,2 28,2  0,0 
Bruk av tidlegare mindreforbruk -18,2 0,0 0,0 0,0  0,0 
Bruk av ubundne avsetningar 0,0 0,0 -4,1 -4,1  0,0 
Netto avsetningar 26,5 0,0 24,2 24,2  0,0 
Overført til investeringar 17,3 0,0 4,2 4,2  0,0 
Seniortiltak 1,4 0,0 1,8 1,8  0,0 
AFP 62-65 0,3 2,0 3,5 3,5  0,0 
Bruk av pensjonspremiefond i KLP -1,1 0,0 0,0 0,0  0,0 
Tidlegare års premieavvik 8,2 0,0 10,8 10,8  0,0 
Årets premieavvik -18,4 0,0 -14,8 -14,8  0,0 
Lønsreserve 0,0 0,0 6,2 4,4  -1,8 
Resultata av framforhanlda lønn så langt er fordelt. Veksten noko lågare enn lagt til grunn pga mindre differanse i verknad mellom sentralt oppgjør er erfaringar lokalt.  
Tilleggsløyving formannskapet 0,0 0,0 0,1 0,1  0,0 
Diverse utgifter -0,3 0,8 0,0 0,0  0,0 
Sum diverse 7,4 2,8 11,8 10,0  -1,8 
Til fordeling drift -905,9 -636,1 -901,2 -900,6  0,7 
      
Skjema 1B Rekneskap 2016 Rekneskap 2017 Budsjett 2017 Prognose 2017 Avvik Prog.-Bud.
Sentraladministrasjonen 47,6 27,7 47,3 47,3  0,0

Ventar ikkje meir eller mindreforbruk og vil gå i balanse ved årsslutt.  Det er meirforbruk på 200.000 i tilskot til andre trussamfunn som følgje av auke i medlemmar.  Meirforbruk vert dekka innan ramma.

Skule og barnehage 424,1 219,9 429,3 429,3  0,0

Kommunalsjefen reknar med at etat for skule og barnehage vil koma ut med eit mindreforbruk ved årsslutt. Fleire av barnehagane har mindreforbuk og barnehagesjefen har eit stort mindreforbruk pga. høgare inntekter frå andre kommunar pga. barn frå andre kommunar har barnehageplass i Klepp og færre Kleppbarn enn budsjettert har plass i andre kommunar.

Helse og velferd 322,7 222,3 327,0 327,0  0,0

Helse og velferd regner med å komme i balanse i slutten av året.

Lokal utvikling 84,8 41,4 87,6 87,6  0,0

Ventar ikkje meir eller mindreforbruk og vil gå i balanse ved årsslutt.

Kyrkja 8,9 8,3 10,0 10,0  0,0
Ventar ikkje meir eller mindreforbruk og vil gå i balanse ved årsslutt.
VAR 0,0 0,6 0,0 0,0  0,0

Ventar ikkje meir eller mindreforbruk og vil gå i balanse ved årsslutt.

Sum fordelt 888,0 520,1 901,2 901,2  0,0 

Meir-/mindreforbruk (-)

-17,9  -116,0 0,0  0,7  0,7 

 Det er venta eit lite meirforbruk ved utgangen av året med gjeldande prognosar.

Utvikling 12 månadars netto forbruk

12mnd løpende nettoforbruk
Fram til nå ligg etatane sitt forbruk litt i underkant av budsjettramma og utviklinga er flat.

Skatteinntekter og arbeidsmarknad

Skatteutvikling juli 2017ArbeidsledighetArbeidsledighet Rogaland

Skatteveksten er negativ i dei fleste av jærkommunene, mens øvrege kommunar i fylket og landet har positiv vekst.
Arbeidsløysa er redusert dei siste månadane etter toppen kring nyttår.  Arbeidsløysa er no lågare enn for eit år siden. NAV melder om færre varsel om permitteringar og oppsigelsar og auka tal på utlysingar.

Investeringar

Nr Prosjektnavn Type Rekneskap 2017 Budsjett 2017 Rekneskap totalt Kostnads-ramme
1000 IT/EDB Løpande 1623 3733    
1006 Telefoni/IP/kabling Etterarb. 28 62    
1009 Bil IKT Tidsavgr. 131 0    
Leasingbil kjøpt ut etter leieperiode.  Finansiert frå sentralaministrasjonen sitt disposisjonsfond.
1110 Ombygging Rådhuset Tidsavgr. 144 507 4903 5300
1400 Omsorgsbustader Tidsavgr. 0 12214 16783 42000
1401 Flyktningebustader Løpande 0 20000    
1411 SAL EIGEDOM PARKVEGEN Tidsavgr. 249 370 279 400
1440 Diverse tomtekjøp Løpande 0 2850    
1443 Renotomta (Stasjonsvegen 22) Tidsavgr. 0 360 5638 6000
2000 IT/EDB undervisning Løpande 6589 7600    
Prosjektet har eit meirforbruk på ca. 800.000,-, men etaten har vedtatt å bruka 3,4 mill. av disposisjonsfodet i 2017 til læringbrett, så meirforbruket vil bli dekka av det.
2010 Tu skule nybygg Etterarb. 28 0 155975 156191
2014 Fellespost skulane Løpande 0 4323    
2015 UU-tiltak skulane Løpande 388 0    
2017 Engelsvoll skule inventar 2015 Tidsavgr. 49 42 2007 2000
2019 PÅBYGG BORE SKULE Tidsavgr. 2198 20717 2482 93000
Auka kostnadsramme i K.sak 13/17: Utviding Bore skule - reviderte planar
2022 Vardheia ungdomsskule Tidsavgr. 2391 1441 17350 133000
Auka kostnadsramme i K.sak 6/17: Vardheia ungdomsskule - godkjenning av justert avtale med Time kommune
2028 IDRETTSHALL BORE U. SKULE 2017 Tidsavgr. 651 10000 651 48000
2116 Uteområder skule Løpande 464 2404    
2124 Inneklima/brannsikring skular Løpande 226 0    
2173 Engelsvoll skule Tidsavgr. 20 0 55012 55000
Kostnader til garantibefaringer.
2182 Orstad skule/grendehus - utbedr. Tidsavgr. 336 1683 2137 3500
2235 Orre barnehage påbygg Etterarb. 1 0 20362 21000
2236 Orre barnehage uteområde Etterarb. 1 0 759 1000
2237 Orre barnehage inventar Etterarb. 5 0 1005 1000
2255 Soveskur barnehager Tidsavgr. 69 999 371 1900
3016 BOLIGSOSIAL HANDLINGSPLAN Tidsavgr. 0 3000 0 10000
3017 Lokaler flyktningetenesten Tu Tidsavgr. 479 500 479 500
3240 Avlastnings- og barnebustad Tidsavgr. 0 320 807 1140
5101 Turstier/friluftsliv Løpande 737 421    
5110 BORESTRANDA P-PLASS OG TOALETT Tidsavgr. 0 5000 0 5000
5111 Turveg Kleppelunden Tidsavgr. 499 0 499 0
5302 Oppgrad. leikeplasser Løpande 499 2000    
5303 DRIFTSBYGGNING PARK Tidsavgr. 3 0    
5329 ISBANE JÆRHAGEN 2017 Tidsavgr. 0 4800 0 4800
6000 Maskinkjøp teknisk Løpande 992 759    
6019 EL-BILER Tidsavgr. 801 823 978 1000
6030 KONTOR OG LAGER ROGNEVEGEN 2017 Tidsavgr. 2000 2000 2000 2000
6032 Rognevegen 1 VA 2635 0    
6100 Klimaplan/Enøk Løpande 0 3631    
6548 Nye VA-prosjekt VA 1624 26729    
6549 Kloakering Damsgård-Friestad VA 67 0    
6551 Flomsikring Kleppekanalen VA 211 0    
6553 Kloakering Sveinsvoll VA 1726 0    
6554 Flomsikring Klepp st VA 186 0    
6700 Trafikksikring Løpande 102 2050    
6711 Sentrumsutvikling Løpande 25 4005    
6720 Gatelys Løpande 754 789    
6722 Lys Frøyl.vatn Laland-Time gr. Tidsavgr. 436 73 4563 4200
6724 TURVEG FIGGJOELVA Tidsavgr. 0 1000 0 2500
6756 Gang- sykkelveg Lalandsvegen Tidsavgr. 319 17239 1080 18000
6758 Veg utbyggingsavtale Sporafjell Tidsavgr. 540 12000 540 12000
6760 RIVING TU SKULE Tidsavgr. 0 2000 0 2000
7015 Klepp gravplass - opparbeiding Tidsavgr. 70 25339 2732 27500

Finansområdet

  • Rentenivået er stabilt/moderat fallande og er venta å halde seg på et lågt nivå resten av året.
  • Årets låneopptak på 114,5 millionar til investeringar og VAR vart tatt opp i januar.
  • Det har vore refinansiert eit lån på 105,3 millionar i januar og eit på 54,6 millionar i februar. Desse låna vert refinansiert i april, mai og august.

Likviditetssituasjonen

Likviditetsutvikling august 2017
Figuren viser samla disponible midler på konti i SR-Bank tidlegare år og til no i 2017.  Det er i tillegg plassert 50 millionar i Sparebanken Sør til betre betingelsar enn bankavtale.