Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Økonomirapport november 2016

Det er venta eit mindreforbruk på omlag 11 millionar.  Årsaka er høgare skattevekst i Klepp grunna positivt oppgjer av margin og fordelingstal for skatteåret 2015.  Etatane er venta å halde budsjettrammane.

Drift

Skjema 1A (tal i heile mill.) Rekneskap 2015 Rekneskap 2016 Budsjett 2016 Prognose 2016 Avvik Prog.-Revidert Budsjett
Skatt på inntekt og formue -496,8 -531,7 -520,0 -534,0  -14,0 

Viser til kommentarar om skatt lengre nede

Rammetilskot -406,4 -412,5 -413,7 -410,9 

2,8 

I anslaget er det lagt til grunn regjeringa sitt anslag på skattevekst på 8,7 %.  Anslaget vart oppjustert frå 6,4 % i samband med framlegg av statsbudsjettet for 2017.  Høgare skatteinntekt enn budsjettert gjer redusert skatteutjamning i rammetilskotet.

Sal frikraft (Klepp energi AS) -1,0 -0,6 -1,1 -0,9  0,2 
Rentekompensasjon -4,0 -0,6 -3,9 -3,7  0,2 
Tilskot flyktningar -23,7 -20,7 -21,3 -25,1  -3,8 
Prognosen er oppdatert i samsvar med kommunestyret sitt vedtak om busetting av flyktningar 8. februar 2016.  
Diverse inntekter -0,7 -7,0 0,0 0,0  0,0 
Sum frie disponible inntekter -932,7 -973,2 -960,0 -974,6  -14,6 
Renteinntekter          
Ordinære renteinntekter -5,1 -1,8 -2,2 -3,1  -0,9 
Renter lån energiselskap -4,5 -2,0 -3,7 -3,9  -0,2 
Renteinnt. Etableringslån/Startlån -2,0 -1,6 -2,5 -1,9  0,6 
Rekneskap 2015 gav lågare renteinntekter enn budsjettert. Same utvikling er venta i 2016.
Kalk.renter og avskrivingar (VA) -2,2 0,0 -2,2 -1,9  0,3 
Utbytte Energiselskap -26,3 -25,8 -25,8 -25,8  0,0 
Gevinst finansielle instrument -1,3 -0,6 0,0 -0,1  -0,1 
Renteutgifter          
Ordinærer renteutgifter 19,7 12,9 16,8 18,6 1,8 
Renteutg. Etableringslån/Startlån 3,1 2,3 2,9 1,7  -1,2 
Tap finansielle instrument 0,5 0,1 0,0 0,1  0,1 
Avdrag på lån 54,8 56,7 57,6 57,6  0,0 
Netto finansinnt./utgifter 36,7 40,2 41,0 41,3  0,3 
Avsett disposisjonsfondet 12,9 18,2 15,5 15,5  0,0 
Avsett forsikringsfond 0,1 0,0 0,1 0,1  0,0 
Avsett flyktningefond (overføres etatar) 23,7 0,0 21,3 25,1  3,8 
Bruk av tidlegare mindreforbruk -0,2 -18,2 -18,2 -18,2  0,0 
Viser til saka om godkjenning av rekneskapen for 2015. Overskot avsett til disposisjonsfondet.
Netto avsetningar 36,5 0,0 18,7 22,5  3,8 
Overført til investeringar 0,8 0,0 17,3 17,3  0,0 
Seniortiltak 1,8 0,4 2,0 1,8  -0,2 
AFP 62-65 3,8 2,7 4,0 2,8  -1,2 
Bruk av pensjonspremiefond 0,0 -1,0 0,0 0,0 0,0 
Tidlegare års premieavvik 6,2 0,0 8,3 8,3  0,0 
Årets premieavvik -14,1 0,0 -22,5 -22,5 0,0 
Lønsreserve 2016 0,0 0,0 2,8 2,0  -2,8 
Tilleggsløyving formannskapet     0,2 0,2  0,0 
Diverse utgifter 2,9 0,2 0,0 0,1  0,1 
Sum diverse 1,5 2,2 12,1 8,0  -4,1 
Til fordeling drift -858,1 -930,7 -888,3 -902,8  -14,5 
           
Skjema 1B Rekneskap 2015 Rekneskap 2016 Budsjett 2016 Prognose 2016 Avvik Prog.-Bud.
Sentraladministrasjonen 42,6 47,2 47,6 47,6  0,0

Forventar eit meirforuk på 2-300.000.  Hovudårsak er meirforbruk IKT og trussamfunn, samt rekruttering rådmann. Meirforbruk dekkas av disposisjonsfond og reserverte bevilgningar (rådmannstilsetting).

Skule og barnehage 410,8 381,6 424,1 424,1  0,0

Kommunalsjefen reknar framleis med at etaten samla sett vil koma ut i balanse ved årsslutt.

Helse, Sosial og Omsorg 297,7 347,2 322,7 322,7  0,0

Helse og velferd har pr november eit meirforbruk, vi har ein reserve stående hjå kommunalsjef slik at ein ved årsslutt vil ende med eit lite mindreforbruk.

Lokal utvikling 79,7 69,6 84,8 84,8  0,0

Avdelingane viser rimeleg god budsjett-disiplin. Dei største avvika finn vi innan administrasjon som truleg vil ha eit mindreforbruk på i overkant av 1 mill kr, og byggesak som truleg vil ha eit meirforbruk på 700 000,- Dette skuldast i hovudsak byggeaktivitet og dermed mindre gebyr-inntekter.
Budsjett-status innan vedlikehald og samferdsel er påverka av ekstraordinære sysselsettingstiltak som pågår, der eventuelle midlar som ikkje er utbetalt skal avsetjast til bundne fond. Når vi korrigerer for dette, vil det likevel vera eit mindreforbruk på desse tenestene.
Innan dei øvrige tenestene ligg det også an til balanse eller mindreforbruk. Antyder derfor at etaten samla vil koma ut med eit mindreforbruk på i overkant av 1 mill kr.

Kyrkja 9,1 8,7 9,1 9,1  0,0

Gjenstår fordeling av oppgjer for tenesteytingsavtalen.  Ventar eit mindre meirforbruk på gravplassar.

VAR 0,0 -12,2 0,0 3,0  3,0

VAR-området reknar med om lag 5,5 mill i overskot, som i hovudsak fordelar seg på Vatn og Avløp. Om lag 3 mill av dette kjem frå korreksjonar på tidlegare års rekneskap.

Sum fordelt 839,9 841,9 888,3 891,2  3,0 

Meir-/mindreforbruk (-)

-18,2  -88,7 0,0  -11,7  -11,5 

Det er anslått eit mindreforbruk på om lag 11 millionar.

Utvikling 12 månaders netto forbruk

12mnd løpende nettoforbruk
Fram til nå ligg etatane sitt forbruk litt i underkant av budsjettramma.

Skatteinntekter og arbeidsmarknad

Skatteutvikling okt 2016Arbeidsledighet
Skatteanslaget vart nedjustert med 26 millionar frå 546 til 520 millionar i 1. tertialrapport. Veksten i november vart svært god og skatteinngangen vart over 100 millionar, ei auke på 15 millionar frå november 2015.  Årsaka er at oppgjer av marginavsettinga, (3,7 millionar) og fordelingstala (8,3 millionar) for skatteåret 2015 vart bokført i november.  Hovudårsaka til endringa i fordelingstala er at formueskatten til kommunen vart 37 millionar for skattåret 2015, mot skattedirektoratet sitt anslag på 31 millionar.  
I november 2015 vart fordelingstala (for 2014) bokført med -3,2 millionar.  Endring i fordelingstala forklarar 11,5 millioner av endringa i skatt for november.  
Underliggjande vekst i skatteinntektene er -3 % i november.  Dette må sjäst saman med mellom anna auka i arbeidsløysa.
Skatteinntekta for 2016 er no venta å bli omlag 534 millionar, 10 millionar lågare enn i opprinneleg budsjett, og 14 millionar høgare enn revidert budsjett.
Regjeringa oppjusterte i statsbudsjettet for 2017 skatteinntektene for 2016 frå 6,4 % til 8,7 %.  Dette er innarbeidd i utjamninga i rammetilskotet. 

Investeringar

P.nr Prosjektnavn (beløp i 1000 kr) Type Rekneskap 2016 Budsjett 2016 (inkl rebudsj.) Forbruk totalt Kostnads- ramme Prognose avvik
1000 IT/EDB løp. 3793 3526      
1006 Telefoni/IP/kabling løp. 2038 2100      
1110 Ombygging Rådhuset tidsav. 1424 600 4090 3300  
Sjåast i samanheng med prosjekt 1113
1113 Rådhus/bibliotek ombygging 2016 tidsav. 0 1000 0 2000  
1400 Omsorgsbustader tidsav. 12956 18170 16783 42000  

Tre leiligheter i D. Carlsensv. 2 overtas november/desember 2016:

Leil. 303. Pris 2.548.000,-
Leil. 103. Pris 2.398.000,-
Leil. 403. Pris 2.598.000,-

Av dette er det betalt kr. 150.000,- på kvar av leiligheitene. Rest ved overtaking.

1401 Flyktningebustader løp. 8309 8500      
Mange flyktningar har dei siste månadane skaffa seg bolig på den private marknaden slik at dei kommunale bustadane dei har budd i har blitt ledige => det er for tida ikkje behov for å kjøpa fleire bustadar med tanke på busetting av nyankomne. 
1409 Smievegen utleige vansk.s. tidsav. 7550 9365 8184 10000  

Parkavd har laga ein plan for gjenståande uteområde - parkering/ opphaldsareal. Dette arbeidet var ikkje med i anbudet.
Uteområdet er no under opparbeiding.

1410 Sal av prestebustad   75 0      
Kostnader ved sal av prestebustad.  Sal er sluttført til 4,65 millionar før omkostningar.  Lån på 2,76 millionar er oppgjort og 1,8 millionar avsett til fond i samsvar med vedtak i K-sak 58/15.  
1440 Diverse tomtekjøp løp. 1134 1484      
1443 Renotomta (Stasjonsvegen 22) tidsav. 0 360 5638 6000  
2000 IT/EDB undervisning løp. 4494 2437      
Meirforbruk dekkast frå SB sitt disp.fond
2010 Tu skule nybygg etterarb. 156 400 155947 156191  
2014 Fellespost skulane løp. 29 2047      
Løyving brukast også i prosjekt 2015 og 2124
2015 UU-Tiltak skulane   233 0      
Løyving ligg i prosjekt nr 2014
2017 Engelsvoll skule inventar 2015 tidsav. 295 362 1933 2000  
2019 Påbygg Bore skule tidsav. 141  1000      
2022 Vardheia ungdomsskule tidsav. 14959 15200 14959 122000  
2116 Uteområder skule løp. 1173 2000      
2124 Inneklima/brannsikring   3227 3000      
Løyving ligg også i prosjekt nr 2014
2173 Engelsvoll skule tidsav. 4543 11100 54801 55000  

Uteområde ferdigstilt. Gjennomgang før ettårsbefaring foretatt. Ettårsbefaring 16. des.

2182 Orstad skule/grendehus - utbedr. tidsav. 1196 1919 1761 3500  
Prosjektet er under utførelse og det ligg ikkje an til avvik fra budsjett.
2198 Orre skule rehab. tidsav. 260 477 1775 2000  
2235 Orre barnehage påbygg tidsav. 3456 4131 20319 21000  
Alle arbeider er ferdig, kun byggeregnskap med sluttrapport gjenstår.
2236 Orre barnehage uteområde tidsav. 707 1000 707 1000  
2237 Orre barnehage inventar tidsav. 950 1000 950 1000  
2254 Tomt ny bh Sporafjell tidsav. 8248 8200 8248 8200  
2255 Soveskur barnehager tidsav. 0 400 0 400  
2256 Mellombels løysing barnehage tidsav. 0 600 0 600  
3011 Tilbygg Kleppetunet NAV tidsav. 0 800 0 800  
3100 Sirkelen utsmykking og garantiperiode tidsav. 369 148 1966 1750  
3230 Ombygg. Kleppetunet tidsav. 96 2362 96 2362  

Ombygging på helsestasjonen startar ultimo oktober. 
Arbeid med modulbygg på Tu for flyktningehjelpen er i full gang.

3240 Avlastnings- og barnebustad tidsav. 0 320 807 1140  
3550 Partnerskap Folkehelse-investering   178 0      
5101 Turstier/friluftsliv løp. 384 605      
5302 Oppgrad. leikeplasser løp. 1500 2056      
6000 Maskinkjøp/teknisk løp. 506 665      
6019 El-biler tidsav. 0 1000 0 1000  
6100 Klimaplan/Enøk løp. 69 700      
6700 Trafikksikring løp. 0 1832      
6711 Sentrum/Meieriet løp. 1391 1896      
6713 Sykkel- og gangsti Horpestad etterarb. 1105 500 19390 19500  
6714 Sykkel- og gangsti Grødalandsvn. etterarb. 0 195 10140 10300  
6720 Gatelys løp. 271 1068      
6722 Lys Frøyl.vatn Laland-Time gr. tidsav. 292 990 3502 4200  
6756 Gang- sykkelveg Lalandsvegen tidsav. 352 1000 352 18000  
Oppstart hausten 2016. Prosjektering pågår.
6757 Veg utbyggingsavtale Orstad tidsav. 0 1000 0 1000  
6759 Riving meieriet/sentrumsutvikling tidsav. 4426 5000 4426 5000  
Rivingsarbeidet er ferdig, området er planert med matjord og sådd i.
Manglar faktura for isåing av grøntområde.
7015 Klepp gravplass - opparbeiding tidsav. 1109 948 2661 27500  
7024 Kyrkjelydsal Orre tidsav. 6400 6400 6400 6400  
7027 Bore gamle kyrkjegard tidsav. 185 250 235 300  
7600 Undergang Nordlysvegen tidsav.   250      
  Gebyrfinansierte            
6548 Nye VA-prosjekt  VAR 2075 5000      
               
  TOTALT   102053 135363      

Finansforvaltning

  • Rentenivået i lange renter har auka i haust, spesielt etter presidentvalet i USA.  Kort rente litt opp dei siste vekene.
  • Klepp har 2,7 millionar plassert i aksjefond. 
  • Det er plassert 10 millionar i internasjonalt obligasjonsfond i KLP til erstatning for nedsal av norske bankobligasjonar.
  • Låneopptaket i år er redusert med 35 millioner grunna reduserte og utsette investeringar.

Likviditet

Likviditet
Figuren viser samla disponible midlar på konti i SR-Bank i 2015 og til no i 2016.  50 millionar av likviditeten er plassert i annan bank med høgare rente.  Likviditeten er venta noko lågare ved utgangen av 2016 enn 2015 grunna revidert låneramme i 2. tertialrapport.