Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Økonomirapport februar 2016

Skattesvikten i 2015 har fortsatt inn i 2016.  Ny prognose på skatteinntektene gjev ein reduksjon på 20 millionar og ei auke i skatteutjamning på 14 millionar.  Ny prognose vert laga når skattetala for mars er klare.  Netto tap kan dekkast av udisponert mindreforbruk i 2015.

Drift

Skjema 1A (tal i heile mill.) Rekneskap 2015 Rekneskap 2016 Budsjett 2016 Prognose 2016 Avvik Prog.-Revidert Budsjett
Skatt på inntekt og formue -496,8 -60,4 -546,0 -526,0  20,0 

Skattesvikten i 2015 vart 19 millionar frå opprinneleg budsjett, og 10 millionar frå revidert budsjett. Klepp fekk ein nedgang i skatt pr. innbyggjar frå 105,2 % til 100,2 % av landsgjennomsnittet.  I budsjett 2016 er det lagt til grunn 102,5 % av landsgjennomsnitt. Skattetala for januar er innbetalingar for siste skattetermin 2015 og er difor eit dårleg grunnlag for å anslå utviklinga vidare. Første ordinære skattetermin for 2016 er mars, og nye prognosar vert laga då. Prognosen er utrekna med snitt skatt pr. innbyggjar på 100,2 % av landsgjennomsnitt, og regjeringa sitt anslag for vekst på 6 % for landet samla. Sjå og kommentarane lenger nede.

Rammetilskot -406,4 -82,2 -392,0 -406,3 

-14,3 

Ein reduksjon i skatteanslaget på 20 millioner vil gje 14 millionar meir i skatteutjamning.
Sal frikraft (Klepp energi AS) -1,0 0,0 -1,1 -1,0  0,1 
Rentekompensasjon -4,0 0,0 -3,9 -3,9  0,0 
Tilskot flyktningar -23,7 0,0 -21,3 -21,3  0,0 
Prognosen er ikkje oppdatert i samsvar med kommunestyret sitt vedtak om busetting av flyktningar 8. februar 2016.
Diverse inntekter -0,7 -0,9 0,0 0,0  0,0 
Sum frie disponible inntekter -932,7 -143,5 -964,3 -958,5  -5,8 
Renteinntekter          
Ordinære renteinntekter -5,1 0,0 -2,2 -2,2  0,0 
Renter lån energiselskap -4,5 0,0 -3,7 -3,7  0,0 
Renteinnt. Etableringslån/Startlån -2,0 -0,3 -2,5 -2,0  -0,5 
Rekneskap 2015 gav lågare renteinntekter enn budsjettert. Same utvikling er venta i 2016.
Kalk.renter og avskrivninger (VA) -2,2 0,0 -2,2 -2,2  0,0 
Utbytte Energiselskap -26,3 0,0 -25,8 -25,8  0,0 
Gevinst finansielle instrumenter -1,3 0,0 0,0 0,0  0,0 
Renteutgifter          
Ordinærer renteutgifter 19,7 2,6 16,8 16,8  0,0 
Renteutg. Etableringslån/Startlån 3,1 0,2 2,9 2,9  0,0 
Tap finansielle instrumenter 0,5 0,0 0,0 0,0  0,0 
Avdrag på lån 54,8 3,9 58,6 58,6  0,0 
Netto finansinnt./utgifter 36,7 6,4 42,0 42,5  0,5 
Avsett disposisjonsfondet 12,9 0,0 0,0 0,0  0,0 
Avsett forsikringsfond 0,1 0,0 0,1 0,1  0,0 
Avsett flyktningefond (overføres etater) 23,7 0,0 21,3 21,3  0,0 
Bruk av tidlegare mindreforbruk -0,2 0,0 0,0 -20,0  -20,0 
Foreløpig rekneskap for 2015 syner eit mindreforbruk på omlag 20 millionar.  Dette er ikkje disponert, og kan nyttast til dekking av venta skattesvikt i 2016.  
Netto avsetningar 36,5 0,0 21,4 1,4  -20,0 
Overført til investeringar 0,8 0,0 17,3 17,3  0,0 
Seniortiltak 1,8 0,0 2,0 1,8  -0,2 
AFP 62-65 3,8 0,6 4,0 4,0  0,0 
Tidlegare års premieavvik 6,2 0,0 8,3 8,3  0,0 
Årets premieavvik -14,1 0,0 -25,6 -25,6  0,0 
Lønsreserve 2016/tilleggsløyving 0,0 0,0 16,5 16,5  0,0 
Diverse utgifter 2,9 0,0 0,0 0,0  0,0 
Sum diverse 1,5 0,6 22,5 22,3  -0,2 
Til fordeling drift -858,1 -136,6 -878,5 892,4  -13,9 
           
Skjema 1B Rekneskap 2015 Rekneskap 2016 Budsjett 2016 Prognose 2016 Avvik Prog.-Bud.
Sentraladministrasjonen 42,6 11,3 45,9 45,9  0,0

Ingen vesentlege avvik så langt.  Som følgje av stortingets vedtak om fortsatt kommunal skatteoppkrevjing må ramma justerast i 1. tertialrapport.

Skule og barnehage 410,8 100,6 419,8 419,8  0,0

Totalt sett går det greit i etaten. Nokre avdelingar har litt for høgt lønsforbruk av ulike grunnar, men dei følger med. For nokre er det midlertidig og andre igjen ventar inn ekstra inntekter.

Helse, Sosial og Omsorg 295,8 74,1 319,0 319,0  0,0

Helse og velferd har eit mindre forbruk på fast løn i januar.  Dette er ubesatte stillingar i samband med permisjonar og middel til nye stillingar. Reknar med å få tilsett folk i desse i løpet av våren.
Kommunalsjefen reknar med å vera i balanse i slutten av året.

Lokal utvikling 79,7 14,9 84,8 84,8  0,0

Samla forbruk ligg under periodebudsjettet. Lønspostane er kontrollerte, og det er ikkje registrert vesentlege avvik. Reinhald ligg litt høgt, men det er i stor grad eingongskostnader. Ellers ingen kjente forhold som tilseier avvik.

Kyrkja 9,1 7,2 9,1 9,1  0,0
Ikkje venta avvik.
VAR 0,0 5,8 0,0 0,0  0,0

Ikkje venta avvik så langt. Får meir oversikt når kommunale gebyr første termin førast inn i mars-april.

Sum fordelt 838,0 214,0 878,5 -878,5  0,0 

Meir-/mindreforbruk (-)

-20,1  77,5 0,0  -13,9  -13,9 

Det er anslått eit meirforbruk på omlag 6 millionar for 2016.  I prognosen er det lagt til grunn at mindreforbruket i 2015 vert disponert til å dekka venta meirforbruk. Tala vil endra seg dei neste månadane og rådmannen legg fram forslag til dekking og disponering i saka om rekneskap 2015 og 1. tertialrapport 2016.

Utvikling 12 månadars netto forbruk

12mnd løpende nettoforbruk
Fram til nå ligg etatane sitt forbruk litt i underkant av budsjettramma og utviklinga er flat.

Skatteinntekter og arbeidsmarknad

Skatteutvikling feb 2016ArbeidsledighetArbeidsledighet Rogaland
Skatteinngang pr februar er 1,1 % lågare enn ifjor for Klepp, og dermed lågare enn budsjettert vekst på 9,9%.  Landet ligg på ein vekst på 3,2 % mot anslag i statsbudsjett på 6,0%. Stagnasjon i Klepp si skattevekst kan truleg forklarast med nedgangen i oljesektoren og kraftig auke i arbeidsløysa. Skatteveksten er svak og i Sandnes og Stavanger, medan den er litt høgare i Time, Hå og Gjesdal. 
Arbeidsløysa er framleis stigande.  NAV ventar ein avtakande vekst frem mot sommaren.

Investeringar

P.nr Prosjektnavn (beløp i 1000 kr) Type Rekneskap 2016 Budsjett 2016 (før rebudsj.) Forbruk totalt Kostnads- ramme Prognose avvik
1000 IT/EDB løp. 1474 4000      
1006 Telefoni/IP/kabling løp. 328 1000      
1113 Rådhus/bibliotek ombygging 2016 tidsav. 0 1000 0 2000  
1400 Omsorgsbustader tidsav. 2745 20000 6573 42000  
1401 Flyktningebustader løp. 4200 26500      
1409 Smievegen utleige vansk.s. tidsav. 900 0 1534 10000  
1410 Sal av prestebustad   75 0      
Kostnader ved sal av prestebustad
1440 Diverse tomtekjøp løp. 1134 1500      
2000 IT/EDB undervisning løp. 310 2000      
2010 Tu skule nybygg etterarb. 81 0 155873 156000  
2014 Fellespost skulane løp. 0 2300      
2015 UU-Tiltak skulane   119 0      
Løyving ligg i prosjekt nr 2014
2017 Engelsvoll skule inventar 2015 tidsav. 17 0 1655 2000  
2022 Vardheia ungdomsskule tidsav. 0 15000 0 122000  
2023 Skuleutfordring tidsav. 0 1000 0 154000  
2116 Uteområder skule løp. 9 2000      
2124 Inneklima/brannsikring   909 0      
Løyving ligg i prosjekt nr 2014
2173 Rehabilitering Engelsvoll skule tidsav. 3860 8000 54117 51900  2,6 mill
Gjenstår noke utgifter til uteområde. Kostnadsoverslag totalt er nå 54,5 mill.
2198 Orre skule rehab. tidsav. 18 0 7241 11000  
2235 Påbygg barnehager (Orre) tidsav. 179 0 17042 20000  
2237 Barnehage inventar (Orre) tidsav. 491 0 491 1000  
2254 Tomt ny bh Sporafjell tidsav. 8248 8200 8248 8200  
2255 Soveskur barnehager tidsav. 0 400 0 400  
2256 Mellombels løysing barnehage tidsav. 0 600 0 600  
3100 Sirkelen utsmykking tidsav. 1 0 1598 1750  
5101 Turstier/friluftsliv løp. 83 200      
5302 Oppgrad. Leikeplasser løp. 6 2000      
6000 Maskinkjøp/teknisk løp. 130 600      
6100 Klimaplan/Enøk løp. 0 1000      
6700 Trafikksikring løp. 0 400      
6711 Sentrum/Meieriet løp. 0 2000      
6713 Sykkel- og gangsti Horpestad etterarb. 183 0 18468 19500  
6720 Gatelys løp. 0 300      
6756 Gang- sykkelveg Lalandsvegen tidsav. 0 3000 0 18000  
6757 Veg utbyggingsavtale Orstad tidsav. 0 1000 0 1000  
6758 Veg utbyggingsavtale Sporafjell tidsav. 0 12000 0 12000  
6759 Riving meieriet/sentrumsutvikling tidsav. 0 5000 0 5000  
7024 Kyrkjelydsal Orre tidsav. 0 6400 0 6400  
7025 Nye Kleppe kyrkje tidsav. 0 1000      
7027 Bore gamle kyrkjegard tidsav. 185 0 235 300  
9102 Egenkapitaltilskot KLP eierand. 0 2600      
  Gebyrfinansierte            
6548 Nye VA-prosjekt  VAR 0 8000      
               
  TOTALT   25686 139000      

Finansområdet

  • Rentenivået er framleis synkande og ventast å synka ytterlegare resten av året.
  • 62. mill av årets låneopptak ble tatt opp som 3 månadars lån i januar.
  • Det ble refinansiert 2 lån på 40 og 41 millioner i februar til nye lån 3 månadars løpetid.
  • Mykje marknadsuro i starten av året gjev auka kredittmarginar på lån og fallande marknadsverdi på obligasjonar. Rådmannen ventar eit uroleg år.  Liten plassering i aksjemarknadan gjev små verknadar for Klepp.
  • Avklart nedsalg av eksisterande portefølje av bankobligasjonar med SR-forvaltning fram mot utgangen av april. Frigjorte midler er planlagd overført i aksjemarknaden når rådmannen meinar det er rett i forhold til marknadsforholda.

Likviditetssituasjonen

Likviditetsutvikling feb 2016
Figuren viser samla disponible midler på konti i SR-Bank i 2015 og til no i 2016.  Likviditeten er god, men låg på driftskonto pt. Deler av likviditet plassert i annan bank med høgare rente. Ein ventar at årets lågaste likviditet nås 15 mars.