Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Økonomirapport mars 2015

Skattesvikta i Klepp vert 17 millionar dersom utviklinga til nå i år held fram. Lågare pensjonsutgifter, auka utbytte og reduserte avdrag samt skatteutjamning reduserer underskotet noko. Prognosa viser underskot/meirforbruk på 4,8 millioner ved utgangen av året. Rådmannen kjem tilbake til tiltak og endringar i tertialrapporten.

Drift

Skjema 1A (tall i heile mill.) Regnskap 2014 Regnskap 2015 Budsjett 2015 Prognose 2015 Avvik Prog.-Bud.
Skatt på inntekt og formue -490,7 -124,1 -516,0 -502,0 14

Skatteutviklinga er vesentleg lågare enn budsjettert. Veksten ved utgangen av mars er på 1,31 % mot budsjettert 5,2 %. I vedtatt statsbudsjett vart fordelinga mellom skatt og rammetilskot endra tilsvarande ei auke på 3 millioner i skattanslag for Klepp, ein vekst tilsvarande 5,77 % frå 2014.  Reelt er skattesvikten omlag 17 millionar målt mot stortingets vedtak.  Meir om skatteinntekter og sysselsetting i eige avsnitt.

Rammetilskot -376,8 -123,1 -392,2 -390,5 1,7 

Klepp har mottatt 1,1 millioner mindre i skjønnstilskot til språkdeling enn budsjettert. Årsaka er at antall grupper er færre enn budsjettert og færre enn dei siste åra.
Som følgje av lågare skattevekst i Klepp enn vert trekket i inntektsutjamninga 1,5 milloner mindre enn budsjettert om ein legg skatteveksten for landet på 3,26 % til grunn for resten av året.
Stortingets vedtak vil gje Klepp 2,1 milloner mindre i rammetilskot.
Samla verknad 1,1-1,5+2,1=1,7 i redusert rammetilskot.

Sal frikraft (Klepp energi AS) -1,1 0,0 -1,3 -1,3 0,0
Andre tilskot         0,0
Rentekompensasjon -3,9 -0,2 -4,7 -4,7 0,0
Tilskot flyktningar -18,2 -6,0 -17,0 -17,0 0,0
Diverse inntekter -0,6 -1,4 0,0 0,0 0,0
Sum frie disponible inntekter -891,3 -254,9 -931,2 -915,5 15,7
Renteinntekter          
Ordinære renteinntekter -6,7 -0,8 -3,8 -3,8 0,0
Renter lån energiselskap -5,3 0,0 -5,2 -5,2 0,0
Renteinnt. Etableringslån/Startlån -2,3 -0,3 -2,8 -2,8 0,0
Kalk.renter og avskrivninger (VA) -2,5 0,0 -2,5 -2,5 0,0
Utbytte Energiselskap -23,2 0,0 -24,1 -26,3 -2,2
Lyse har foreslått å utbetale eit utbytte på 18,269 millioner til Klepp. Det er 2,2 millioner høgare enn budsjettert.
Gevinst finansielle instrumenter -1,9 0,0 0,0 0,0 0,0
Renteutgifter          
Ordinærer renteutgifter 22,8 6,4 22,4 22,4 0,0
Rentenivået i starten av året har vore lågare enn budsjettert, men har no auka igjen. Det er venta ei nedgang i renta i mai, men utviklinga er usikker.
Renteutg. Etableringslån/Startlån 3,2 0,6 2,6 2,6 0,0
Tap finansielle instrumenter 0,2 0,0 0,0 0,0 0,0
Avdrag på lån 54,4 4,7 61,1 55,4 -5,7
Økonomiavdelinga har hatt ei gjennomgang av nedbetalingsplanane på lån etter at dei rekneskapsoppgjøret vart oppdaga ein vesentleg differanse på nedbetalinga av eit lån i Kommunalbanken. Opprinnelege lånevedtak eksisterande nedbetalingsplanen viser at årets avdrag kan reduserast med 5,7 millioner dersom ein legg gjeldande betalingsplanar til grunn. Dette skuldast:
- Feil budsjetterte avdrag på eit lån med 2 millionar.
- Endring i avdragsplan eit lån i Kommunalbanken og eit i Opplysningsvesenets fond.
- Det er budsjettert med eit heilt års avdrag (4 millionar) på årets låneopptak, truleg vert det berre betalt avdrag for halve året.
Netto finansinnt./utgifter 38,7 10,4 47,7 39,8 -7,9
Avsett disposisjonsfondet 0,2 0,0 1,3 1,3 0,0
Avsett forsikringsfond 0,1 0,0 0,1 0,1 0,0
Avsett flyktningefond (overføres etater) 18,2 0,0 17,0 17,0 0,0
Til bundne avsetningar 0,1 0,0 0,0 0,0 0,0
Bruk av ubundne avsetningar -1,0 0,0 0,0 0,0 0,0
Netto avsetningar 17,7 0,0 18,4 18,4 0,0
Overført til investeringar 0,0 0,0 0,8 0,8 0,0
Diverse fellesposter          
Seniortiltak 1,9 0,0 1,0 1,0 0,0
AFP 62-65 4,0 0,8 4,2 4,2 0,0
Bruk av pensjonspremiefond i KLP -10,0 0,0 -0,3 -0,3 0,0
Tidlegare års premieavvik 3,6 0,0 6,5 6,5 0,0
Årets premieavvik -18,4 0,0 -12,2 -15,2 -3,0
Nye premieprognoser frå KLP i april vil gje omlag 5 millioner i redusert pensjonspremie for etatane. Årsaka er nedjustere anslag på lønnsreguleringspremien. Rammane til etatane kan justerast ned tilsvarende. Rådmannen kjem tilbake til dette når verknaden av lønsforhandlingane er kjent.
Nye utrekningav av premieavviket viser at det vart 2 millioner lågare (redusert inntekt).
Netto ventes ei besparing på 3 millioner i pensjon samanlikna med budsjett.
Lønsreserve 2015/Tilleggsbevilgning 0,0 0,0 14,7 14,7 0,0
Diverse utgifter -0,2 0,0 0,0 0,0 0,0
Sum diverse -19,1 0,8 14,8 11,7  -3,0 
Til fordeling drift -854,1 -243,6 -850,4 -845,6  4,8 
Som fordelt til drift (frå skjema 1B) 853,8 234,1 850,4 850,4 0,0
Meir-/mindreforbruk (-) -0,244 -9,5 0,0 4,8  4,8 
           
Skjema 1B  Regnskap 2014  Regnskap 2015  Budsjett 2015  Prognose 2015  Avvik Prog.-Bud.
Sentraladministrasjonen 39,3 13,1 41,6 41,6 0,0
Etaten venter å gå i balanse for året samlet. Høyt forbruk innen IKT hittil i år, og utviklingen er avhengig av hvilke driftsutfordringer som kan dukke opp resten av året.
Skule og barnehage 405,1 127,0 410,9 410,9 0,0
Dei aller fleste avdelingane har god kontroll over inntekter og utgifter. Nokre av avdelingane har litt overforbruk på løn, men dei er klar over situasjonen og vil ta grep. Enkelte avdelingar forventar inntekter til å dekkja opp overforbruket.
Barnehagesjefen har eit årsforbruk på 63 % og det skuldast at tilskotet til dei private barnehagane er utbetalt for dei 7 første månadene. Refusjonar til og frå andre kommunar for både skule og barnehage kjem i 2. tertial. Så lagt i år ser det ut til at etaten vil gå i balanse.
Helse, Sosial og Omsorg 323,7 85,7 307,5 307,5 0,0
Dei fleste seksjonene har eit mindre forbruk, dette er i hovedsak på lønn.Etaten regner med å holde seg innforbi ramma på slutten av året.
Vi har eit par seksjoner som har eit mindre forbruk på lønn da de har fått tilført middler i budsjettet på lønn mens utbetalingene ikke skjer før i juni.
Nav har eit mer forbruk på flyktingene.Det tyder på at forbruket ikke bare blir som i fjor, men at det også må tas høyde for en økning jmf det som kommer frem i de tre første månedsrapportene.
Vi har fokus på barnevern og psykisk helse da det her er signaler som tyder på at dei vil få eit mer forbruk. Tiltak er satt i gang i psykisk helse med å holde stillingar vakant.
Lokal utvikling 77,0 19,4 81,9 81,9 0,0
Etaten har kontroll på løpande utgifter og inntekter, og så langt forventer ein verken under- eller overforbruk. Lønsutgifter er under kontroll totalt sett.
Avdeling park har høgt forbruk, som må føljast med på. Overforbruket er på drift, løn er ok. Vedlikehald har hatt flaum og hærverk, og dei økonomiske følgjene avheng av forsikringsoppgjer.
Kyrkja 8,8 6,8 8,4 8,4 0,0
VAR 0,0 -17,9 0,0 0,0 0,0
Høge utgifter på avløp (IVAR) og på slam (SJT). Avløp ligg an til stort overforbruk på utgifter til IVAR dersom trenden fortset. Betaling for avløp blir meir med mykje nedbør. Difor er det naturleg å få høgare utgifter i vinterhalvåret. Må følgjast med på. 
Sum fordelt 853,8 234,1 850,4 850,4 0,0

Utvikling 12 månadars netto forbruk

12mnd løpende nettoforbrukFram til nå ligg etatane sitt forbruk i litt i underkant av budsjettramma og utviklinga er flat. Ramma og forbruket vil auke noko når årets lønnsforhandlingar er gjennomført.

Skatteinntekter og arbeidsmarknad

Skatteutvikling mars 2015Arbeidsledighet mars 2015Skatteinngang januar-mars er 1,3% høgare enn ifjor for Klepp, 1,5% høgare i Rogaland og 3,3% for landet. Dette er ein lågare vekst enn budsjettert 5,2% for Klepp og 5,6% for landet. Stagnasjon i skattevekst kan truleg forklarast med nedgangen i oljesektoren og kraftig auke i arbeidsløysa dei siste månadane. Statsministeren har varsla gjennomgang av det nasjonale skatteanslaget i revidert nasjonalbudsjett i mai.

Investeringar

P.nr. Prosjektnavn (beløp i 1000 kr) Type Forbruk 2015 Budsjett 2015 Forslag rebudsj. Forbruk totalt Kostnads- ramme totalt Prognose avvik
1000 IT/EDB løp. 5492 5000 2280      
1005 El.kommunikasjonsutstyr folkevalde løp.   300        
1006 Telefoni/IP/kabling løp. 33 2000        
1110 Ombygging Rådhuset tidsav. 34 1000 390 1910 3300  
1400 Omsorgsbustader tidsav.   2000 3170 3827 42000  
1401 Flyktningebustader løp. 172 16500        
1409 Smievegen utleige vanskeligstilte tidsav. 63 4000 5920 142 10000  
1440 Diverse tomtekjøp løp.   1500 1500      
1441 Kjøp friluftsareal   29     29    29+
1443 Renotomta (Stasjonsvegen 22) tidsav.     360 5638 6000  
2000 IT/EDB Undervisning løp. 925 2000        
2010 Tu skule nybygg tidsav. 2772 15000   146919 156000 *
12.228 igjen på budsjett 2015, men bare 9.081 igjen på totalramme
2011 Tu skule inventar tidsav. 512   590 7816 7900  
2014 Søppelsikring ved skulane løp.   600 600      
2015 UU-Tiltak skulane løp. 1 400 40      
2016 Kleppe skule rehab. tidsav.   1000     20000  
2017 Engelsvoll skule - inventar tidsav. 68 2000   68 2000  
2018 Eirik Raude senter - inventar tidsav. 185 400   185 400  
2019 Påbygg Bore skule tidsav.   1000     57000  
2022 Vardheia ung.skule tidsav.   200     24200  
2116 Uteområder skule løp.   1000 230      
2124 Inneklima/brannsikring løp. 209 1600 2970      
2173 Rehabilitering Engelsvoll skule tidsav. 6916 20000   38024 44500  2400

Jmfr K-sak 27/15 Prosjekt 2173 - Engelsvoll skule - Rehabilitering - Uteområde
13.084 igjen på budsjett 2015, men bare 6.476 igjen av totalramme

2182 Orstad skule/grendehus - utbedr. tidsav. 6   3090 400 3500  
2198 Orre skule rehabilitering tidsav. 385   1110 6976 11000  
2233 Borsheim- ombygg. Bore gml.sk. tidsav. 1730   2390 6308 7000  
2235 Påbygg barnehage (Orre) tidsav. 33 10000 4710 317 15000  6000
Jmfr K-sak 8/15 Prosjekt tilbygg Orre barnehage - Kostandsramme og tilleggsløyving
2236 Barnehage uteområde (Orre) tidsav.   500 500   1000  
2237 Barnehage inventar (Orre) tidsav.   500 500   1000  
2238 Klepp fam. og fri. inventar tidsav.     300   300  
3100 Sirkelen utsmykning tidsav. 443   910 2274 3000  
3230 Ombygg. Kleppetunet 3.etg. tidsav. 209   80 819 700 119+
Ligg an til meirforbruk 120+
3234 Digitalt nødnett tidsav.     400   400  
3236 Tilbygg P. Krohnsv 27 - base tidsav. 2 700   2 700  
3240 Avlastings-/barnebustad tidsav.     320 807 1140  
5101 Turstier/friluftsliv løp.   200 350      
5123 Bru Frøylandsvatnet tidsav. 2250 1000 1000 2250 2000 *
Budsjettramme skal økast med 250 frå LU driftsmidlar
5302 Oppgrad. Leikeplasser løp.   1000        
5327 Kunstgras på grusbanen tidsav. 513 3300   513 3300  
5328 Lysløype Salteskogen tidsav.   900     900  
6000 Maskinkjøp teknisk løp.   600        
6100 Klimaplan/Enøk løp.   1000 1000      
6238 Oppgrad. vassledn. tidsav.     5500   5500  
6327 Vatn næringsområde Tu tidsav.   1000 720 576 2300  
6547 Kloakk Skas (VA Skas) tidsav. 1863   870 2988 5000 *
Budsjettramme 2015 er overskriden, men ikkje totalramma
6548 Nye VA-prosjekt tidsav.     750   4000  
6551 Flomsikring Kleppekanalen tidsav.   400     400  
6552 Flomsikring Tu tidsav.   1500     1500  
6700 Trafikksikring løp.   400 1100      
6711 Sentrum/Meieriet løp.   1000 2400      
6713 Sykkel- og gangsti Horpestad etterarb. 7     18107 18500  
6714 Sykkel-/gangsti Grødalandsvn. tidsav. 463   680 10119 10300  
6718 Fotgjengertunnell Orstad tidsav.     1000   1000  
6720 Gatelys løp.   300 640      
6722 Lys Frøyl.vatn-Laland-Time gr. tidsav.     990 3210 4200  
6754 Støyskjerming Øksnevadlia etterarb. 4     8440 7698 742+
6755 Utandørsanlegg Rådhuset tidsav. 910     2272 1362 *
Budsjettramme overførast frå Sentrum/Meieriet, samt frå driftsmidlar
7012 Lager Klepp Kyrkjegard tidsav.     500   500  
7015 Klepp gravplass - opparbeiding tidsav. 29 5000 9420 1110 25000  
7027 Bore gamle kyrkjegard tidsav.   300     300  
9102 Egenkapitaltilskot KLP Eierand.   2400     2400  

Finansområdet

  • Rentenivået noe opp frå forrige måned.
  • Planlegg å leggje fram revidert finansreglement før sommaren.
  • Det er etter anbudsrunde og evaluering inngått ny bankavtale med Sparebank1 SR-Bank frå 1. mai.
  • Klepp kommunen ligg nærare minimumsvekta i "aksjemarknaden" ut frå eit markedssyn på at nedsiderisikoen er større enn oppsida.

Likviditetssituasjonen

Likviditetsutvikling april 2015Figuren viser disponible midlar på konti i 2014 og hittil i 2015.  Likviditeten er tilfredstillande og tilstrekkeleg. Auka i juni 2014 skuldast låneopptak på 146 millionar. Årets låneopptak til investeringar på 65 millionar er planlagt gjort i løpet av april.