Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Fakturamuligheter

Stadig meir av posten kommunen sender til deg kjem digitalt. Frå januar 2019 vil også faktura frå oss koma til din digitale postkasse eller i Altinn. Meir informasjon om denne ordninga og korleis du skaffar deg digital postkasse finn du her:

https://www.norge.no/nb/sporsmal-og-svar

Me ønsker fleire digitale brukarar

Klepp kommune har sendt ut brev digitalt via digital postkasse og Altinn sidan 2017. 
Når du tek i bruk digital postkasse eller Altinn, får du brev og faktura på ein sikrare måte enn når dei kom på papir i postkassa di. Nå kan dei arkiverast i di digitale postkasse for seinare bruk. Du får varsel på epost frå den digitale postkassa eller Altinn når det kjem ny post der, husk å sjekka at kontaktinformasjonen din er rett, slik at du får varsla. Du må logga på med eigen brukar-id (bank-ID) for å få tilgang til brev og faktura. Har du ikkje digital postkasse eller brukar i Altinn vil du få fakturaen tilsendt på papir som før.

Vil du vita meir om digital utsending av post frå kommunen kan du ta kontakt med oss på tlf. 51 42 98 00.

Elektronisk postkasse

Vi anbefaler eFaktura og AvtaleGiro

Eit godt alternativ til digital postkasse er eFaktura eller AvtaleGiro. eFaktura og AvtaleGiro er den enklaste og sikraste måten å unngå ubehagelege overraskingar på. Ein eFaktura kjem ferdig utfylt og klar for godkjenning i nettbanken, med AvtaleGiro sørger banken for at rekninga automatisk blir betalt på forfallsdato.

Fordelar med eFaktura

  • Billig ­- Du får ingen fakturagebyr.
  • Enkelt - Du får rekningane dine direkte i nettbanken din, ferdig utfylte.
  • Oversikteleg - Alle rekningar blir lagra i nettbanken. Når det kjem ei ny rekning, får du beskjed.
  • Praktisk - Du kan betala rekningane dine når som helst og kor som helst.
  • Fleksibelt - Du kan endra både forfallsdato, beløp og belastningskonto. Du kan også stoppa betalingane.
  • Tidsbesparande -  Du treng ikkje å forhalda deg til lange KID-nummer eller anna betalingsinformasjon.
  • Miljøvennleg - Med eFaktura sparer du miljøet for unødvendig papirbruk.

Fordelar med AvtaleGiro

  • Billig - Du får ingen fakturagebyr og rekningane blir alltid betalte i tide, slik at du unngår purringar.
  • Enkelt - Banken sørger for at rekningane vert betalt automatisk på forfallsdato.
  • Tidsbesparande - Du trenger ikkje å forhalda deg til lange KID-nummer eller anna betalingsinformasjon.
  • Oversikteleg - Du har full oversikt i nettbanken. Før forfall vil du motta varsling om komande trekk.
  • Fleksibelt - Du kan endra forfallsdato, beløp og belastningskonto, eller stoppa betalinga i nettbanken.

Korleis kan eg inngå eFaktura og AvtaleGiro?

  • Opprett avtale nå - Logg deg inn i nettbanken din og finn Klepp kommune som tilbydar av eFaktura og AvtaleGiro.
  • Tilbod i nettbanken - Når du betaler den neste rekninga frå oss, vil du i dei fleste nettbankar få spørsmål om du ønsker å oppretta ein eFaktura- eller AvtaleGiro-avtale. Ved å akseptera tilbodet vert avtalen oppretta. Du får beskjed når avtalen trer i kraft. Hugs at du må betala rekningar tilsendt i posten som normalt, inntil avtalen er aktivisert.
  • Kontakt banken - Kontakt banken din for å oppretta eFaktura og AvtaleGiro.

For bedriftskundar, stat, kommunar og fylkeskommunar kan vi tilby elektronisk faktura i EHF-format. Fakturamottakar må ha avtale om mottak av elektroniske faktura med eit aksesspunkt. For meir informasjon sjå www.difi.no. Send e-post til faktura@klepp.kommune.no  om du kan motta faktura i EHF-format.

Fordelar:

  • Unngå å tasta inn KID – Alt er ferdig utfylt, beløp, kontonummer, forfallsdato og KID. Det einaste du må gjera er å godkjenna betalinga. Ved kombinasjon med AvtaleGiro legg rekninga seg automatisk i forfallsregisteret.
  • Oversikt – Du har oversikt over både betalte og ubetalte rekningar i nettbanken. Du kan få opp bilete av rekninga og skriva dei ut om du ønsker det.
  • Betal kor du vil – Du er ikkje avhengig av postkassa når du t.d. er ute og reiser. Så lenge du har tilgang til internett kan du betala kor du vil.
  • Tilgang til fakturaspesifikasjonar – I nettbanken kan du med eit klikk få opp fakturaspesifikasjonen til både utbetalte og betalte rekningar. Du har alltid full kontroll.
  • Bli varsla – du kan velja om du vil ha varsel på e-post kvar gong du mottek ny eFaktura i nettbanken.

EHF