Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Fakta om Klepp

Visjon og verdiar

Visjon:    Med blikk for alle

 

Verdiar:   

• Me tar i eit tak
Me viser handlekraft og innsatsvilje og saman får me ting gjort.

• Me bryr oss
Me viser omsorg for kvarandre, og for miljøet kring oss. Ingenting er viktigare enn generasjonane som kjem.

• Me tenker fritt
Me vågar å tenka stort og fritt saman.

Folketal
Årstal1950196019701980199020002010201320142015201620172018
Talet på innbyggjarar i Klepp kommune pr 31.12
Antal 4973 5980 8878 10758 11871 13884 17397 18485 18741 18970 19042 19217 19354
Geografi

Klepp kommune ligg midt på Jæren, 25 km sør for Stavanger.

Kommunen har namnet sitt etter haugane (kleppane) på garden Kleppe.

Landskap og natur er prega av eit bølgjande jordbrukslandskap, mildt kystklima, grunne innsjøar og lange sandstrender. Tinghaug er høgste staden i bygda og ligg 102 m.o.h.

Kommunen har eit flatemål på 115 km2. Av dette er 77 km2 jordbruksareal.

Kommunegrensene har vore tilnærma uendra sidan formannskapslova av 1837.

Kommunen sitt administrasjons- og handelssentrum er Kleppe. Andre tettstader er
Verdalen, Orstad, Klepp st, Tu, Pollestad og Voll.

Kommunikasjonsnettet i kommunen er godt utbygd. Stavanger Lufthavn, Sola ligg få kilometer nord for kommunegrensa. Jærbanen går gjennom den austre delen av kommunen.

Natur

Jæren våtmarkssystem

I Klepp finn ein rike våtmarksområde i  Figgjo- og Orrevassdraget. Innsjøane i desse vassdraga er grunne og næringsrike. Dette gir rike fiskebestander og eit fugleliv som er heilt utanom det vanlege.

Orrevatnet (8,1 km²) utgjer saman med Horpestadvatnet eit av dei mest kjende
våtmarksområda her i landet. Bare få andre stader er det registrert tilsvarande tal fugleartar. Vatna er viktig som hekke-, trekk- og overvintringslokalitet. Området inneheld også fleire sjeldne planteartar.

Lonavatn, Øksnevatdtjern, Grudavatn og Alvevatn som ligg i Figgjovassdraget er mindre,
men har mange av dei same kvalitetene som Orrevatnet. 

Desse våtmarksområda er verna som naturreservat.

Vadefugl

Jærstrendene

Kysten av Klepp manglar skjærgard og er derfor svært utsett for ver og vind. Kyststrekninga
vekslar mellom sand- og rullesteinsstrand. Dei lengste sandstrandområda finn ein på Orre og Bore. I dette landskapet finn ein ei rekkje særmerkte plante- og dyreslag.
Heile kyststrekninga er verna som landskapsvernområde.

Verneforskrift for Jærestrendene landskapsvernområde

 

Statistikk

Klepp kommune sine statistikksider for befolkning, folkehelse, økonomi mm.

Kommunefakta for Klepp hos Statistisk sentralbyrå