Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Beredskap

Hausten 2018 har Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap hatt kampanjen "Du er en del av Norges beredskap". Målsettinga med kampanjen har vore "å bedre folk sin egenberedskap". 

Kampanjen fokuserar på kva enkeltpersonar bør ha tenkt gjennom dersom straumen blir borte i fleire dagar, mobilnettet sluttar å virke, vatnet er stengt eller det blir vanskeleg å få tak i nødvendig varer. Du finn meir informasjon om denne kampanjen og mykje anna nyttig informasjon på nettsida til Sikkerhverdag 
I starten av desember vil Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap sende ein brosjyre om kampanjen til alle husstandar.

Ein annan kampanje denne hausten er gjennomført av Statens strålevern og denne handlar om å ha jodtablettar heime. Frå 1.november kan du kjøpe jodtabletter reseptfritt i apotek. Du finn meir informasjon om denne kampanjen her: informasjon om jodtabletter 
Klepp kommune har ein del jodtablettar til barn og unge i kommunen. Dersom det kjem ein situasjon der ein treng jodtablett, vil det bli lagt ut informasjon på nettsida til Klepp kommune om kor ein får tak i desse.

Andre nettsider ein kan finne aktuell informasjon om beredskap:
Fylkesmannen i Rogaland
Sivilforsvaret
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
Kriseinfo.no (inngang til myndighetenes kriseinformasjon)
Statens strålevern
Sky ilden