Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Opningstider

 Rådhuset

 

Sentralbord og resepsjon er opent klokka 07.30 - 15.00

 

 Ønskjer du å snakka  med ein av dei tilsette må det gjerast avtale på førehand!

 

 I skulen sine feriar er resepsjonen og sentralbordet bemanna mellom kl. 08.00 - 14.00

 

Besøksadresse: Klepp rådhus, Solavegen 1, 4351 KLEPPE
Postadresse: Klepp kommune, Postboks 25, 4358 KLEPPE
E-post: postmottak@klepp.kommune.no
Sentralbord: 51429800

Bibliotek

Med meirope bibliotek kan du som låner låse deg inn på biblioteket kvar dag mellom klokka 07.00 - 23.00.

Dette er eit tilbod i tillegg til vanlege betjente opningstider.

Alle over 15 år kan skrive kontrakt for å få oppgradert lånekortet til meirope bibliotek. Personar mellom 15 og 18 år må ha underskrift frå føresett.

Ta kontakt i betjent opningstid for å få tilgang til meirope bibliotek.

 

Betjente tider

 
Mon - tors kl. 10.00 - 18.00
Fredag kl. 10.00 - 15.00
Laurdag kl. 10.00 - 14.00

 

Klepp symjehall

 

Klepphallen opnar igjen 01.09.20

Billettar må bestillast på førehand. Les meir her

For tida kostar alle billettar 40 kroner.

 

Familiebading  
Tysdag kl. 16.00 - 19.00
Torsdag kl. 16.00 - 19.00
Fredag kl. 18.00 - 20.00
Laurdag kl. 12.00 - 17.00
Sundag kl. 13.00 - 17.00
Vaksenbading  
Tysdag kl. 19.00 - 21.00
Onsdag kl. 20.00 - 21.30
Torsdag kl. 19.00 - 21.00
Damebading  
Onsdag kl. 19.00 - 20.00
Oss over 60  
Måndag kl. 14.00 - 15.30

Symjehallen har eit 25 meters basseng med vatntemperatur på 28 °C.  Det er 1,10 m på grunna og 3,80 m på djupet. Stupeanlegg med 1 og 3 m sviktstup og 5 m stupetårn. Barnebasseng 33 °C. Badstue. 

 

Byggesak

Viss du har behov for å snakke med ein saksbehandlar kan du booke ein avtale om samtale på telefon eller på rådhuset.

Dei ulike områda (adressene) i Klepp er fordelt mellom byggesaksbehandlarane. Dersom du ikkje veit kva saksbehandlar du skal ha sjekkar du oversikten på kartet som du finn her. Kartet kan forstørrast meir dersom du lastar det ned og opnar det i Adobe Reader. Brukar du denne løysingen kan du finna gards- og bruksnummer for eigedommar om du ønskjer det.  

Bookingløysingen finn du her. Du må velje riktig saksbehandlar, skrive kva tiltaket gjeld og kva adresse og eller gards og bruksnummer det gjeld. Dersom du allereie har ei sak som pågår, oppgir du informasjon om det. Alternativet «alle» når du skal velje saksbehandlar skal ikkje nyttast.

Byggesaksavdelinga har telefontid mellom 9-14. Dersom du har behov for å snakke med nokon på byggesaksavdelinga men ikkje har behov for å gjera ein timeavtale, så ringer du saksbehandlar på telefon. Du kan også kontakta byggesak på e-post, postmottak@klepp.kommune.no. Skulle saksbehandlar vera opptatt, tar sentralbordet i mot beskjed og saksbehandlar kontaktar deg tilbake i løpet av kort tid.