Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Kommunestyresalen

Rådhuset

Besøksadresse:

Solavegen 1
4352 Kleppe

Posadresse:

Postboks 25
4358 Kleppe

Telefon: 51 42 98 00

Leigeprisar

Romleige 1.500,-
Tillegg ekstra øvingsdag 500,-
Tillegg anretningskjøkken 500,-

Ved spesielle arrangement der ein treng øving i forkant meir enn 3 dager, pris etter avtale.

Rigging av lokala er leigetakar sitt ansvar.

Lokala kan ikkje leigast til private arrangemenet som fødselsdagar, bryllup og barnedåp.

Leigeregler

  1. Nøklar/kort kan hentast dagen før eller seinast same dag før kl 1400. Avbestilling min. ei veke før. 
    Arrangement skal normalt avsluttast og lokalet vera rydda og forlatt innan kl. 23.00. Anna må avtalast. Nøkkler/ kort skal leverast vaktmeistar resepsjon 1 arbeidsdag.
  2. Det kan maksimalt oppholda seg 100 personar i salen
  3. Som leigetakar og brukar av kommunestyresal skal det alltid vera ein person som er brannansvarleg.
  4. Alt kjøkkenutstyr som har vore i bruk, skal vera vaska og sett på plass i skapa.
  5. Alt restavfall skal setjast ved container på utsida ved bibliotekinngang
  6. Anna lydutstyr enn det som kommunen har, og/eller lysutstyr, må leigetakar sjølv leige inn. Dersom utstyr vert øydelagt, må det erstattast.
  7. Kommunestyresalen lånes ut i 1 fast oppsett, ønsker en annet oppsett er det leietaker sjølv som må rigge og tilbakestille etter bruk
  8. Dersom det ikkje er rydda i samsvar med reglane, kan kommunen leige inn privat reingjeringsbyrå på leigetakar si rekning. Dersom kommunen må setje inn eigne ressursar til ekstra reinhald vert det fakturert eit tillegg til husleiga til dekning av kostnad, minimum kr. 2000,-.
  9. Det er leigetakar sitt ansvar å testa alt teknisk utstyr på førehand. Vaktmeister er tilgjengeleg på dagtid man-fre (07.00 – 14.30) for råd og hjelp. Dette gjeld særskilt ved bruk av projector/PC og lydutstyr/teleslynge. Sjå laminert informasjon ved Pcen.
  10. Det er trådlaust nettverk på rådhuset. Passord til nettverket får ein ved henvendelse til biblioteket eller sentralbord i 1. etg

TEKNISK VAKT : 909 40 216 (kun akutt behov)

Brannansvar

  1. Som leigetakar og brukar av festsal og kommunestyresal skal det alltid vera ein person som er brannansvarleg.
  2. Brannansvarleg skal til ei kvar tid ha kontroll over kor mange som er til stades i lokalet. Det skal aldri vera meir enn 360 personar i festsalen med kinooppsett, og 260 personar med bordoppsett. Det skal aldri vera meir enn 100 personar i kommunestyresalen.
  3. Brannansvarleg skal vera orientert om kor ein finn slokningsutstyr og rømningsvegar i bygget. Ein må lese branninstruks som er hengt opp i lokalet og følgja denne nøye.
  4. Brannansvarleg har ansvaret for å hindre situasjonar som kan føre til brann. Ein skal difor sjekke at kaffitrakter, komfyr og andre elekstriske apparater er slått av før ein forlet lokalet.
  5. I ein brannsituasjon skal brannansvarleg setja i verk evakuering, prøva og slokka, varsla brannvesen på 110. Det er svært viktig at ein brukar dei næraste rømningsvegane som er vindauga merka med rømningsveg eller døra bakerst i festsalen. Ein må passa på at folk ikkje trekk innover i bygget, som vil vera den naturlege inngang/utgang.
  6. Når alarmen på bygget går, skal den brannansvarlege raskast mogleg starta evakuering av lokala og koma til brannsentralen ved biblioptekinngangen. Nøkkel til tavla ligg i brannslangeskapet. Tavla vil gje informasjon om kor det brenn. Etter evakuering er det viktig å telja opp antal personar som var i lokalet, slik at ein kan gje beskjed vidare når brannvesesnet kjem om det fortsatt befinn seg personar inne i lokalet.

Kontaktinformasjon

Ta kontakt på mailadresse: tone.carlsen@klepp.kommune.no