Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Vegvedlikehald

Generelt

Du kan melda frå til kommunen dersom det ertilhøve ved ein kommunal veg som svekkjar framkomsten eller trafikktryggleiken. Det kan til dømes vera hol i vegen, manglande gatelys eller behov for brøyting. Kommunen har ansvaret for drift og vedlikehald av kommunale vegar. Fylkeskommunane sørgjer for fylkesvegar og staten for riksvegane. Kommunen kan stengja ein veg dersom vêr- og føretilhøva ikkje gjer det mogleg å halda vege open. Vedlikehaldet omfattar køyrebane, bankettar, skråningar og dreneringssystem

Oppgåvene kan vera:

  • feiing og reinhald
  • fjerning av søppel
  • klipping av vegetasjon
  • rydding av kraftsoner
  • vegoppmerking og skilting
  • brøyting og strøing om vinteren

Omfanget av desse oppgåvene blir vurdert ut frå behov og kommuneøkonomi. Dersom vegtilstanden er slik at det oppstår skadar eller ulukker, gjeld dei allminnelege erstatningsreglane.

Brosjyrer, dokument og likanande

Klipp hekkar og buskar

Felles vegnorm for Jæren

Skal du grava i riks- eller fylkesveg?

Regelverk

Lov om vern mot forureining og om avfall (forureinigslova) §81

Forureiningsstyresmaktane

Veglova kap.III Planlegging, anlegg og vedlikehald av veg