Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

VA, strøm, fiber og gatelys på Salte

Oppdatert 20.02.2019

Informasjon om anleggsperioden

Klepp energi og Klepp kommune er no endeleg i gang med arbeidet med å legga kommunalt avløp til eigedomane på Salte. Dette er første etappe i arbeidet med å kloakkera eigedomane frå Salte til Skeie og vidare til Vik på lengre sikt.

Eksisterande vassledning langs Saltevegen vert og skifta ut, og dei som ikkje har kommunalt vatn, eller har for liten dimensjon på eksisterande vasstikk, har høve til å få dette utført no.

Klepp energi legg og fram fiber, oppgraderer el-nettet og legg ned kabel og fundament for framtidig montering av gatelys langs Saltevegen.

Framdrift

Arbeidet er starta opp januar 2018. Første del på Salte vil pågå ut 2019 og vidare. Den enkelte grunneigar får informasjon direkte frå entreprenør eller prosjektleiar om kva tid det er aktuelt å grave hjå den enkelte.

Trafikk og støy i anleggsperioden

Entreprenøren vert stadig minna om å ferdast ansvarsfullt i trafikken.

Det kan verta utført sprengning i grøftetrasèen. Saltevegen, Salteskogen og berørte gardsvegar vil verta stengde i kortare periodar under anleggsarbeidet. Dei berørte vil få beskjed om dette.

Nokre av eigedomane kan og måtte vera uten vatn i svært korte periodar under omlegging. Dersom det vert lengre periodar legg ein opp reservevassforsyning til desse.

Arbeidstid

På grunn av trafikkflyt og omlegging av vassforsyninga, kan det i periodar vera naudsynt å arbeida ut over normal arbeidstid. Arbeid vil derfor kunne føregå i tidsrommet 06.00 – 23.00

Klepp kommune håpar på godt samarbeid i anleggsperioden og vonar de tek kontakt med prosjektleiar hos Klepp kommune eller entreprenør dersom de har praktiske spørsmål vedrørande gravearbeidet.

Det er sendt eige infoskriv til dei berørte grunneigarane.

Kontaktinformasjon

Entreprenør: Gunnleif Fjogstad Maskin AS

 

Gunnleif Fjogstad

Anleggsleiar entreprenør

 

Mobil: 906 44 361

e-post: gunnleif.fjogstad@gmail.com

 

Utbygger fiber og el/gatelys: Klepp energi

 

Håkon Ådland

Prosjektleiar

 

Mobil: 952 66 401

e-post: hakon.adland@klepp-energi.no

 

Utbygger vann og avløp: Klepp kommune

 

Henrik Voll

Prosjektleiar

 

Mobil: 475 09 535

e-post: henrik.voll@klepp.kommune.no