Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Skoging, tynning, rydding og planting i friområde Kleppemarka

Oppdatert 28.02.19

Informasjon om skjøtsel i friområde Kleppemarka.

Oppstart veke 13 2019.

 

Område innanfor raud avgrensing skal skjøttast.

Informasjon om prosjektet

Friområde Kleppemarka treng sårt skjøtsel, område er prega av mykje vindfall og lite skjøtsel. Kommunen har no utarbeidd skjøtselsplan for området, og ein skal i gang med å tynna ut ved å kappa ned daude og knekte tre og slå ned kratt. Vi vil òg fjerna svartlista planter, og hageplanter i forbindelse med arbeidet. Dette gjer vi for å fornya skogen, slik at vi får eit fint grøntdrag i området. Etter uttynninga vil området bli planta til med eik.

Framdrift

Arbeidet vil starta opp i veke 13 og er berekna ferdig i løpet av april 2019.

Trafikk og støy i anleggsperioden

Arbeidet med skoging kan medføra noko støy. Dette arbeidet vil føregå litt på og av frå anleggsstart og ut april.

Det vil også bli noko anleggstrafikk i denne perioden, og i den forbindelse er det veldig viktig at ingen parkerer langs friområdet på Kleppemarka.

Arbeidstid

Arbeid vil føregå i tidsrommet 07:00 - 16:00

Kontaktinformasjon

Utførende: Klepp kommune

 

Egil Bærheim

Prosjektleiar - Klepp kommune

 

Mobil: 479 04 230

e-post: egil.barheim@klepp.kommune.no

 

Einar Hetland

Oppsynsmann - Klepp kommune

 

Mobil: 454 03 101

e-post: einar.hetland@klepp.kommune.no