Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Sanering VA Leitevegen

Oppdatert: 05.03.2019

Prosjektbeskrivelse

Klepp kommune skal nå i gang med å skifta ut eldre leidningar i Leitevegen som vist på vedlagt kart. Dette for å unngå lekkasje, leidningsbrot og sikra betre branndekning. I tillegg vil gatene der me grev verta oppjusterte til dagens standard med nytt vegdekke og kantstein. Dei grunneigarane som vert direkte berørte med graving på eigedomen vert kontakta i eige brev. Dei som har eldre stikkleidningar tilkobla ledningar i gata som me skiftar ut får no anledning til å oppgradera desse. Dei som har felles stikk for spill og overvann vil få pålegg om å separera desse.

For enkelte eigedomar, vil Klepp kommune leggja opp provisorisk vassforsyning oppå bakken i korte periodar medan ein koblar om dei faste ledningane. Ein vil og i svært korte periodar måtte stengja vasstilførselen. Dei som vert berørde av dette vil få direkte beskjed via tekstmelding.

Det skal og setjast av nye ledningar til den framtidige barnehagetomta nord for Bergelandsvegen.

Gult område = Område for graving/vegstenging

Rød linje = omkjøring

I perioden 5. mars 2019 til 15. mars 2019 vil deler av Leitevegen bli stengt i forbindelse med graving for utskiftning av ledninger, se kart. Arbeidet kan bli avsluttet før den angitte dato.

Det vil bli omkjøring som vist på kart. Omkjøring vil også bli skiltet.

Framdrift

Delen øvst mot den nye adkomstvegen og fram til framtidig barnehagetomt er allereie utført.

Graving frå Leitevegen og inn Ringvegen vil bli utført i veke 9.

Øvrig sanering i Leitevegen vil bli utført frå mai 2019 og utover.

Trafikk og støy i anleggsperioden

I forbindelse med arbeidet på vegen, vil anleggstrafikk i periodar måtte gå gjennom Bergelandsvegen, Leitevegen og tilhøyrande gater. I ein kort periode med graving i krysset Leitevegen X Bergelandsvegen vil me vurdera å åpna Bergelandsvegen i vestenden slik at det er mogleg å køyra om Ekornvegen og Sporafjellvegen. Dette vert i så fall skilta.

I veke 9, når ein grev frå Leitevegen til Ringvegen, vil det vera omkjøring via Bergelandsvegen - Ekornvegen - Sporafjellsvegen. Entreprenøren vert stadig minna om å ferdast ansvarsfullt i trafikken. Det føregår også byggjeaktivitet på det nye bustadfeltet på Sporafjell. Dermed vil firmabilar tilhøyrande aktørar på byggjeplass også nytta eksisterande vegar og gater. Ansvar for desse ligg på utbyggjar, men Klepp kommune har bedt utbyggjar om å informera sine underleverandørar om å opptre ansvarsfullt i trafikken.

Arbeidstid

På grunn av trafikkflyt og omlegging av vassforsyninga, kan det i periodar vera naudsynt å arbeida ut over normal arbeidstid. Arbeid vil derfor kunne føregå i tidsrommet 07.00 – 23.00.

Kontaktinformasjon

Entreprenør: Klepp kommune

 

Alf Bjarne Laland

Kontaktinformasjon entreprenør/Klepp kommune

 

Mobil: 908 53 208

e-post: Alf.Bjarne.Laland@klepp.kommune.no

 

Åge Jonny Jensen

Prosjektleiar adkomstveg - Klepp kommune

 

Mobil: 412 03 936

e-post: age.jonny.jensen@klepp.kommune.no

 

Bjarne Horpestad

Oppsynsmann vann og avløp. Vannforsyning.

 

Mobil: 478 76 240

e-post: bjarne.amdal.horpestad@klepp.kommune.no