Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Overvannsgrøft Boreringen/Sporafjell - Kleppekanalen

Oppdatert: 24.10.2018

Prosjektbeskrivelse

Klepp kommune har no starta på graving av ny grøft som skal lede overvatn frå vegen og områda nord for den nye omkøyringsvegen direkte ned i Kleppekanalen og hindre at det renn inn i hagar og kjellarar til hus i Bergelandsvegen, Blåtoppvegen, Timoteivegen, Tunrappvegen, Grudevarden og andre tilstøytande gatar. Dette er første tiltak i arbeidet med å sikra bebyggelsen i Kleppekrossen/Verdalen mot flaum. Bebuarar i dette området er allereie i dag utsette for at overvatn renn inn i hagar og kjellarar ved mykje nedbør. Dette tiltaket vil forhindra at dette skjer igjen. Den nye leidningen vert utstyrt med kummar med store inntaksrister i lågpunkta, slik at overvatn raskast mogleg skal leiast inn i leidningen.