Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Kloakkering Rosland / Erga

Oppdatert: 05.10.2018

Prosjektbeskrivelse

Klepp kommune og Klepp energi legg no fram fiber/breiband og kommunalt avlaup til eigedommar på Rosland og Erga. Kommunalt avlaup vert lagd som eit trykkavlaypssystem, der kvar huseigar får installert ei avlaupspumpe, som pumpar avlaupsvatn inn på det kommunale nettet. Klepp kommune driftar pumpa i 5 år og huseigar overtek deretter driftsansvaret. Pumpekummen vert plassert om lag der septikktanken er plassert i dag. Dette tiltaket er med på å betra vasskvaliteten i Orrevassdraget.

Klepp kommune/Klepp energi tek kontakt med grunneigarar i forkant og avtaler plassering av pumpekum og inngår avtale. Det vert og lagt ned grøftedrens der det er aktuelt, og i samråd med grunneigar. Grunneigar vert og erstatta for ulempene i anleggsperioden, for avlingstap og for kommunen sin rett til å ha ledning liggande over eigedommen.

 

Framdrift

Sjå figuren ovanom. I grove trekk er framdrifta slik:

Område 1: Oppstart august 2018
Område 2: Oppstart så snart område 1 er ferdig tilkobla. Truleg januar 2019

Trafikk og støy i anleggsperioden

Vegar til eigedomane, gardsvegar og jordbruksvegar kan i korte periodar vera stengde.

Arbeidstid

På grunn av framdrifta på anlegget og koordineringa av tilkobling til det kommunale nettet kan det i periodar vera naudsynt å arbeida ut over normal arbeidstid. Arbeid vil derfor kunne føregå i tidsrommet 07.00 – 23.00

Kontaktinformasjon

Henrik Voll

Prosjektleiar Klepp kommune

 

Mobil: 475 09 535

e-post: henrik.voll@klepp.kommune.no

 

Håkon Ådland

Prosjektleiar Klepp energi

 

Mobil: 952 66 401

e-post: hakon.adland@klepp-energi.no