Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Jærvegen vert stengd for gjennomkøyring

Jærvegen stenges for biltrafikk 25. mai. Planlagt stengt i 3 veker, frem til 12. juni. Det kan verta litt forlenga stenging dersom arbeidet tek lenger tid enn planlagt. Det vil bli satt ut infoskilt ute i rundkjøringene på hovedvegen. Omkjøyring vert skilta.

Gang- og sykkelveg vert helde åpen.

Adkomst til leiligheter vil vera åpen frå vest. Alle naboer vil ha adkomst til eiendommene sine. Klepp kommune prøver å finne beste løsning etter kvart som arbeidet skrider fram. Det vil bli gjeve fortløpende informasjon.

Busstopp som tidligere, via omkjøring. Bussen kjøyrer omkjøyringsvegen til vanlege rutetider evt med korreksjon for seinare stopp eller kva det måtte vera.

Omkjøyringsveg for buss:

Omkjøyring for buss ved stenging av Jærvegen

Me beklager ulempen dette måtte medføra. Stenginga er ein del av arbeidet med å legga ny stor flaum-ledning gjennom Kleppe sentrum.

Kontaktinfo

Henrik Voll

Prosjektleiar Klepp kommune

Mobil: 475 09 535

e-post: henrik.voll@klepp.kommune.no

 

Byggeleiar: Novaform AS

Asle Granberg

Mobil: 906 03 470

e-post: ag@novaform.no

 

Entreprenør: Risa AS

Ansvarleg for skilting av omkjøring: Risa AS

Joachim Reime

Mobil: 924 25 046