Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Graveprosjekt i Verdalen

Oppdatert: 12.03.2019

Prosjektbeskrivelse

Klepp kommune har no starta på eit omfattande arbeid med å skifta ut eldre vann og avlaupsleidningar i Verdalen.  Dette for å unngå lekkasje, leidningsbrot og så vidare. I tillegg vil gatene der me grev verta oppjusterte til dagens standard. Blant anna skal me utvida veg og fortau i Verdalsvegen. Før me ferdigstiller gravearbeidet, vil me òg vurdera trafikksituasjonen i Verdalsvegen. Dei grunneigarane som vert direkte berørte med graving på eigedomen vert kontakta i eige brev. Dei som har eldre stikkleidningar får no høve til å oppgradera desse. Dei som har felles stikk for spill- og overvann vil få pålegg om å separera desse.

For enkelte eigedomar vil Klepp kommune leggja opp provisorisk vassforsyning oppå bakken i korte periodar medan ein koblar om dei faste leidningane. Ein vil og i svært korte periodar måtte stengja vasstilførselen. Dei som vert berørde av dette vil få direkte beskjed via tekstmelding.

Framdrift

Sjå figuren ovanom. I grove trekk er framdrifta slik:

September 2018 – April 2019 Ny vannledning frå Verdalsvegen og inn til Bore skule.
September 2018 – Januar 2019 Legge nye vann- og avløpsledninger fra Tverrvegen, opp til Verdalsvegen og videre til krysset med Sporafjellsvegen. Oppstart med ny gate på strekket blir mars/april 2019.
November/desember 2019 – april 2020 Skifte ut eksisterande ledninger i Dalsvegen. Deretter ny gate i Dalsvegen.
April - august 2019 Skifte ut eksisterende ledninger i deler av Leitevegen. Deretter ny gate i Leitevegen.
Veke 9 2019 Skifte ut kort strekning vannledning frå Leitevegen og inn Ringvegen.
Januar 2019 – april 2020 Skifte ut eksisterande ledninger i Verdalsvegen, frå krysset med Sporafjellsvegen til Rognevegen. Deretter ny gate på strekningen.
Mars 2020 Skifte ut eksisterande vannledning frå Boreringen Nord til Borekrossen/Bore renseanlegg.
Våren 2020 Skifte vannledning i Verdalsvegen frå innkjøringa til Bore skule og ut til Boreringen nord.

Trafikk og støy i anleggsperioden

Verdalsvegen vil vera stengd for gjennomkøyring i anleggsperioden. Det er gjort avtale med skulebussen om å sleppa av skuleungane nede ved Boreringen nord. Her er det laga til busslomme. Vidare skal det til ein kvar tid vera mogleg å gå og sykla langs Verdalsvegen. Dei ulike entreprenørfirmaene er minna spesielt på å ferdast varsamt i trafikken. Enkelte eigedommar kan få stengd innkøyring i korte periodar medan hovudgrøfta går forbi. Dei vil få beskjed ved at entreprenøren eller kommunen tek kontakt og informerer direkte.

Det vil i periodar og vera sprengningsarbeid i vegtraséen.

Omkjøringar er planlagt slik:

Dalsvegen vert brukt som omkøyringsveg no så lenge det er graving fram mot Bore skule. Det er omkøyring via Leitevegen - Ringvegen - Ekornvegen - Sporafjellvegen fram til gravinga er oppe med krysset til Leitvegen. Når ein er forbi krysset med Leitevegen vil det vera omkøyring via Hasselvegen - leikeplassen imellom - Eikestubben. I veke 9, når ein grev frå Leitevegen til Ringvegen, vil det vera omkøyring via Bergelandsvegen - Ekornvegen - Sporafjellvegen.

Om lag 18 mars og ei veke fram i tid vil krysset Ospevegen – Verdalsvegen vera stengd. Omkøyring er då som vist på biletet under:

Kart omkøyring Verdalen

Arbeidstid

På grunn av trafikkflyt og omlegging av vassforsyninga, kan det i periodar vera naudsynt å arbeida ut over normal arbeidstid. Arbeid vil derfor kunne føregå i tidsrommet 07.00 – 23.00

Kontaktinformasjon

Henrik Voll

Prosjektleiar Klepp kommune

 

Mobil: 475 09 535

e-post: henrik.voll@klepp.kommune.no

 

Hallgeir Lund

Ansvarleg forstøtningsmurar og veg/fortau

 

Mobil: 959 78 123

e-post: Hallgeir.Lund@klepp.kommune.no

 

Bjarne Horpestad

Oppsynsmann vann og avløp. Vannforsyning.

 

Mobil: 478 76 240

e-post: bjarne.amdal.horpestad@klepp.kommune.no