Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Flomtiltak SW2

Legging av nye ledninger, deriblant stor flomledning fra Rema 1000 til og forbi Kleppe bedehus

Oppstart 23 mars 2020

Informasjon om prosjektet

Klepp kommune skal no i gang med å legga nye og skifta ut gamle vann og avløpsledninger på strekningen fra Rema 1000, videre opp langs Jærvegen, inn forbi Klepp bedehus  og fram til krysset mellom Kleppestemmen og Fredheimsvegen. 

På dette strekket skal det legges 2400mm Overvannsledning, 300mm spillvannsledning og 160mm vannledning. Brannvannsdekninga i området vil også verta betre som fylgje av arbeidet. 

Klepp kommune har kartlagt det kommunale ledningsnettet i Kleppekrossen for å sjå om det er i stand til å handtera ein 200 års nedbørssituasjon. 

Vigrestad sentrum i Hå kommune vart råka av ein 200 års flaum i 2014. Tilsvarande var tilfelle  for Moi, Kvinnesdal, Vikeså og Egersund i 2015. Felles for alle desse tilfella var dei materielle skadene og utgifter til reparasjonar for kommunane og private huseigarar var store. 

Klepp kommune har starta på arbeidet med å sikra bebyggelse og anna infrastruktur i Kleppekrossen mot øydeleggingar frå ein tilsvarande flaum når denne råkar Klepp. Det er allereie bygd ei stor avskjærande grøft ovanfor Verdalen, og Kleppekanalen er utvida forbi Jærhagen og sirkelen. No er det Kvernbekken gjennom Kleppekrossen sin tur. Denne vart lukka i røyr på 50-60 talet. Kartlegginga syner at desse røyra er alt for små til å handtera vassmengda i ein 200 års flaum. Dermed skal det leggast større overvannsledning på strekket frå Kleppestemmen til Klepp energi. 

 I forbindelse med arbeidet vil Jærvegen verta stengd i ein periode på 2-3 veker. Det vil då verta skilta omkøyring i denne perioden. Elles må ein pårekna noko redusert framkomelighet i korte periodar.

som fylgje av anleggsverksemda. Anleggstida er pårekna til 6 månader. Dersom ein treff på fjell eller andre uforutsette forhold i grøfta vil anleggsperioden verta forlenga. Det vil verta invitert til eige informasjonsmøte i slutten av februar. Informasjon om dette vil verta lagt ut på Klepp kommune si heimeside. Me vil og oppretta informasjonskanalar der grunneigarar og naboar kan halda seg orienterte om arbeidet. 

Detaljar rundt reetablering av eigedomane vil verta avklara med den enkelte grunneigar. Me vil ta kontakt med kvar og ein av dei berørte grunneigarane i løpet av februar for avklaringar og informasjon. Arbeidet vil verta påbegynt i mars månad og vara 6-7 månader. Etter at grøftearbeidet er ferdig og nye røyr er lagde, vil me setja vegar og eigedommar i stand igjen slik dei var før gravinga starta, etter nærare avtale med grunneigarane. 

Framdrift

Arbeidet vil starta opp 23 mars 2020. Risa har allereie etablert Rigg plass sør for Kleppe bedehus. Arbeidet vil pågå fram til august 2020.

Trafikk og støy i anleggsperioden

Jærvegen skal kryssast som ein del av arbeidet. Kryssinga vil føregå utpå føresommaren og er foreløpig planlagt å ta 2 veker. I den perioden vil det vera omkjøring om Thore Ellingsens veg, Hauabakkavegen og Prestevegen. Ellers i anleggsperioden vil det vera regulert framkomelighet i Jærvegen. Det vil i perioden også vera byggeaktivitet i forbindelse med utvidelse av Kleppe bedehus

Entreprenøren vert stadig minna om å ferdast ansvarsfullt i trafikken.

Arbeidstid

På grunn av trafikkflyt og omlegging av vassforsyninga, kan det i periodar vera naudsynt å arbeida ut over normal arbeidstid. Arbeid vil derfor kunne føregå i tidsrommet 07.00 – 21.00

Klepp kommune håpar på godt samarbeid i anleggsperioden og vonar de tek kontakt med prosjektleiar eller entreprenør dersom de har praktiske spørsmål vedrørande gravearbeidet.

Kontaktinformasjon

Entreprenør: Risa AS

Joakim Reime
Kontaktinformasjon entreprenør

Mobil: 924 25 046
e-post: joakim.reime@risa.no

 

Byggeleder: Asle Granberg

Innleigd for Klepp kommune

Mobil: 906 03 470
e-post: ag@novaform.no

 

Henril Voll
Prosjektleder - Klepp kommune

Mobil: 475 09 535
e-post: henrik.voll@klepp.kommune.no