Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Bygging av gs-veg og ny hovudvassleidning langs Lalandsvegen

Oppdatert 14.03.19

Informasjon om anleggsperioden

Arbeidet med grøfter er nå godt i gang.

For enkelte eigedomar, vil Klepp kommune leggja opp provisorisk vassforsyning oppå bakken i korte periodar medan ein koblar om dei faste ledningane. Ein vil og i svært korte periodar måtte stengja vasstilførselen. Dei som vert berørte av dette vil få direkte beskjed via tekstmelding i god tid i førevegen. Fyrste strekket med midlertidig vassforsyning er no i drift.

Trafikken på Lalandsvegen vil gå som normalt, men det vil vera anleggstrafikk langs vegen i heile byggeperioden. Avkjørslar til eigedomar vil i korte periodar verta stengde. Dei grunneigarane som vert berørte av dette vil få informasjon om dette i god tid.

Framdrift

Arbeidet vil starta opp 4 mars 2019 og ferdigstillast i mai/juni 2020

Reguleringsplanen for å føra gang og sykkelvegen fram til og inn i tettbebyggelsen på Klepp stasjon er under utarbeidelse og er lagt ut til 1 gongs høyring. Reguleringsplanen skal verta ferdig godkjent, slik at gravearbeid på denne strekninga kan påbegynnast rett i forlengelsen av det øvrige arbeidet, slik at gang og sykkelvegen vert samanhengande i begge endar no i same anleggsarbeidet. Dermed vil denne delen startast opp ca mars/april 2020. Ein vil starta forhandling med desse grunneigarane så snart reguleringsplanen er vedteken.

Trafikk og støy i anleggsperioden

Entreprenøren vert stadig minna om å ferdast ansvarsfullt i trafikken.

Det vil verta utført sprengning i grøftetraséen.

Arbeidstid

På grunn av trafikkflyt og omlegging av vassforsyninga, kan det i periodar vera naudsynt å arbeida ut over normal arbeidstid. Arbeid vil derfor kunne føregå i tidsrommet 07.00 – 23.00

Klepp kommune håpar på godt samarbeid i anleggsperioden og vonar de tek kontakt med byggeleder eller entreprenør dersom de har praktiske spørsmål vedrørande gravearbeidet.

Kontaktinformasjon

Entreprenør: T. Stangeland Maskin AS

 

Per Gunnar Skårland

Anleggsleiar entreprenør

 

Mobil: 992 07 487

e-post: per.gunnar.skarland@tsmaskin.no

 

Ove Jonny Lode

Byggeleiar - Klepp kommune (Innleigd)

 

Mobil: 902 60 198

e-post: ol@novaform.no

 

Åge Jonny Jensen

Prosjektleiar - Klepp kommune

 

Mobil: 412 03 936

e-post: age.jonny.jensen@klepp.kommune.no