Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Boreringen sør

Oppdatert: 05.10.2018

Prosjektbeskrivelse

Klepp kommune er i gang med å byggja neste etappe av den framtidige ringvegen rundt Verdalen. Denne etappen går frå enden av dagens Boreringen sør og fram til og langs det nye utbygjingsområdet på toppen av Sporafjell. Det vert og lagt ny hovudvassleidning og straumforsyning i same trasè.

Det vert etablert undergang for gåande og syklande og nytt kryss til Leitevegen samt ny avkjørsel til det nye byggjefeltet/Ole I. Bores veg. Det skal og byggjast støyskjerm langs eksisterande del av Boreringen sør. Støyskjermen vil verta varsla til berørte naboar.

Når denne delen av ringvegen er opna, vil Sporafjellsvegen verta stengd for gjennomkjøring. Klepp kommune er i gang med ein skiltplan som vil syna kor vegen vert stengd og kva vegar/gater som må pårekna å kjøra ut via Ole I. Bores veg.

 

Framdrift

Vegen skal vera klar for opning i midten av juni 2019.

Trafikk og støy i anleggsperioden

I forbindelse med arbeidet på vegen, vil anleggstrafikk i periodar måtte gå gjennom Sporafjellsvegen, Leitevegen og tilhøyrande gater. Når kulverten er etablert ferdig i veke 40/41 vil det meste av anleggstrafikken verta flytt tilbake til den nye vegen via Boreringen. Entreprenøren vert stadig minna om å ferdast ansvarsfullt i trafikken. Det føregår også byggjeaktivitet på det nye bustadfeltet på Sporafjell. Dermed vil firmabilar tilhøyrande aktørar på byggjeplass også nytta eksisterande veger og gater. Ansvar for desse ligg på utbyggjar, men Klepp kommune har bedt utbyggjar om å informera sine underleverandørar om å opptre ansvarsfullt i trafikken.

Når adkomstvegen er opna for trafikk, vil gjennomkøyringa til Sporafjellvegen verta stengd. Klepp kommune vil utarbeida ein skiltplan som vert sendt ut på høyring. Skiltplanen vil seia kor vegen vert stengd og kva veger og gater som i framtida skal nytta Ole I. Bores veg som adkomstveg.

Under peling av fundament for støyskjerm vil det oppstå støy. Det vil i periodar og vera sprengningsarbeid i vegtrasèen.

Arbeidstid

På grunn av trafikkflyt og omlegging av vassforsyninga, kan det i periodar vera naudsynt å arbeida ut over normal arbeidstid. Arbeid vil derfor kunne føregå i tidsrommet 07.00 – 23.00

Kontaktinformasjon

Entreprenør: Mellemstrand AS

Ole Morten Mellemstrand

Kontaktinformasjon entreprenør

 

Mobil: 908 53 208

e-post: omm@mellemstrand.no

 

Åge Jonny Jensen

Prosjektleiar adkomstveg - Klepp kommune

 

Mobil: 412 03 936

e-post: age.jonny.jensen@klepp.kommune.no

 

Petter Storhaug

Byggeleiar - På oppdrag for Klepp kommune

 

Mobil: 952 08 544

e-post: ps@novaform.no