Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Støyskjermingstiltak FV505 Orstad

Oppdatert: 19.02.2019

Prosjektbeskrivelse

Klepp kommune skal byggja støyskjerm langs austsida av FV505 frå krysset til Livegen og fram til krysset til Erlevegen. Dette for å skjerma bustadane aust for FV505 for støy frå trafikk og næringsverksemd. Støyskjermen vert bygd ved at det settes ned pelfundament og støypes ein sole av betong. Oppå denne solen vert det bygd ein støyskjerm av tre med innslag av glasfelt på toppen. Støyskjermen vert forsøkt montert i eigedomsgrensene mot vegen, men i enkelte tilfelle kan det vera aktuelt å erverva noko grunn til føremålet.

Samstundes skal deler av vannledningsnettet i Livegen skiftast ut for å få betre forsyning og branndekning. I den forbindelse må grunneigarar pårekna å få lagt opp midlertidig vannforsyning oppå bakken i kortare periodar. Vidare må grunneigrane og pårekna å få grave opp dagens påkoblingspunkt på vannledningen med tanke på å kobla denne til ny vannforsyning i Livegen og Måltrostvegen.

 

Gul linje viser aktuell plassering av støyskjerm.

Oppdatert kart som viser graving av vannledning kjem nærare oppstart.

Framdrift

Det er sendt nabovarsel til alle berørte naboar. Søknad er sendt til Statens vegvesen. Alt etter kor lang behandlingstid vegvesenet har, så vil gravearbeidet starta opp så snart godkjenninga frå vegvesenet føreligg og ein har forhandla ferdig avtalar om grunn og erstatning med berørte grunneigarar. Ein vil først utføra nødvendig ledningsarbeid i Livegen og Måltrostvegen, og deretter arbeida med sjølve støyskjermen.

Trafikk og støy i anleggsperioden

I forbindelse med arbeidet vil det væra nødvendig å stå med større service-/lastebiler sentralt i vegar og gater. Det vil også være gravemaskiner tilstede. Anleggsbilane vil stå noko ugunstig parkert ift. publikum/trafikk, men me prøver å tilpassa dette best mogleg. Arbeidet vil kunne føre til noko redusert trafikkflyt og framkomelighet enn normalt og me ber om at skilting rundt dette vert respektert og fulgt

Under peling av fundament for støyskjerm vil det oppstå støy.Takk for at de er forsiktige og viser hensyn når de ferdast i anleggsområdet.

Berørte grunneigarar som får innkjørsla stengd i korte periodar, eller provisorisk og i svært korte periodar stengd vassforsyning vil få varsel om dette på SMS elelr ved eigen lapp i postkassen.

Arbeidstid

På grunn av trafikkflyt på FV505 og omlegging av vassforsyninga, kan det i periodar vera naudsynt å arbeida ut over normal arbeidstid. Arbeid vil derfor kunne føregå i tidsrommet 07.00 – 23.00

Kontaktinformasjon

Hallgeir Lund

Prosjektleiar støyskjerm

 

Mobil: 959 78 123

e-post: Hallgeir.Lund@klepp.kommune.no

 

Bjarne Horpestad

Oppsynsmann vann og avløp

 

Mobil: 478 76 240

e-post: bjarne.amdal.horpestad@klepp.kommune.no

 

Henrik Voll

Prosjektleiar vannledning

 

Mobil: 475 09 535

e-post: henrik.voll@klepp.kommune.no