Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Her grev kommunen

 

KORT FORTALT

 

  • Når kommunen grev i gata di, finn du informasjon om det her.

 

 

 

Eigne anlegg:

Støyskjermingstiltak FV505 Orstad 

Klepp kommune skal byggja støyskjerm langs austsida av FV505 frå krysset til Livegen og fram til krysset til Erlevegen. Dette for å skjerma bustadane aust for FV505 for støy frå trafikk og næringsverksemd. Samstundes skal deler av vannleidningsnettet i Livegen skiftast ut for å få betre forsyning og branndekning.

Les meir om Støyskjermingstiltak FV505 Orstad her.

Boreringen sør

Klepp kommune er i gang med å byggja neste etappe av den framtidige ringvegen rundt Verdalen. Denne etappen går frå enden av dagens Boreringen sør og fram til og langs det nye utbyggjingsområdet på toppen av Sporafjell. Det vert og lagt ny hovudvassleidning og straumforsyning i same trasé.

Les meir om Boreringen sør her.

Graveprosjekt i Verdalen

Klepp kommune er i gang med fleire graveprosjekt i Verdalen. Det skal leggjast nye og skiftast ut gamle vann-, avløps- og overvannsleidningar i Verdalsvegen, frå krysset med Boreringen nord og heilt fram til Rognevegen 1. I tillegg skal gamle leidningar i Dalsvegen skiftast. Det pågår samstundes legging av nye leidningar til Bore skule. Etter at alt av leidningar i grunnen er ordna, skal Verdalsvegen utvidast slik at ein minimum får 2,5 m fortau og 5,5 m kjørebane. Det vil verta sett nye kantstein og forstøtningsmurar mot aktuelle eigedommar. Det vil og verta vurdert om det skal etablerast sporsluse i Verdalsvegen. Denne kan uansett ikkje etablerast før den nye Ringvegen er opna og ein del av trafikken er leia ut på Boreringen sør.

Les meir om gravinga i Verdalen her.

Kloakkering Rosland / Erga

Klepp kommune og Klepp energi legg no fram fiber/breiband og kommunalt avlaup til eigedommar på Rosland og Erga. Kommunalt avlaup vert lagd som eit trykkavlaypssystem, der kvar huseigar får installert ei avlaupspumpe, som pumpar avlaupsvatn inn på det kommunale nettet. Klepp kommune driftar pumpa i 5 år og huseigar overtek deretter driftsansvaret. Pumpekummen vert plassert om lag der septikktanken er plassert i dag. Dette tiltaket er med på å betra vasskvaliteten i Orrevassdraget.

Les meir om kloakkeringa her.

Anlegg i regi av private der kommunen skal overta infrastruktur: