Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Byggje- og aktivitetsforbod langs offentleg veg - dispensasjon

Generelt

Det er eit allment byggje- og aktivitetsforbod på privat eigedom i eit belte langs kommunal veg (byggjegrenseavstand). Forbodet gjeld bygningar, hekkar, buskar, gjerde og anna som hindrar sikta. Kommunen handsamar og godkjenner søknad om:

  • dispensasjon frå dei alminnelege byggjegrensene i veglova
  • dispensasjon frå byggjegrenser som er fastsette i reguleringsplan (mindre vesentlege endringar)
  • løyve til graving gjennom kommunal veg, eller langs vegen
  • løyve til å strekkja leidnng over eller langs veg

Kommunen kan påleggja å fjerna vegetasjon på privat eigedom langs kommunal veg.

Målgruppe

Grunneigarar langs offentleg veg, entreprenørar og byggjebransje.

Kriterier/Vilkår

Byggjegrenseavstanden kan vera fastsett i arealdelen i kommuneplanen, eller i reguleringsplanen. Viss området ikkje er regulert, eller planen ikkje har byggjegrenser, gjeld føresegnene om avstand i veglova. Dersom søknad om dispensasjon eller løyve òg er fremja i ein byggesøknad, blir han handsama i byggjesaka. Reglane om avstand frå veg varierer med kva slags innretning det er snakk om. Det avgjerande er:

  • kravet til fri sikt og andre trafikktryggleiksvurderingar
  • behovet for å reservera ein romsleg kanal gjennom landskapet til ulike vegføremål

Regelverk

Veglova §§ 29,30,31,32 og 37

Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)

Veglova kap. V Byggverk m.m., avkjørsler, gjerde og grind

Praktiske opplysningar

Kommunen skal handsama saka så snart som mogeleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klaga til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du venda deg til kommunen. Dersom kommunen let vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.