Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Vassmålar

Avlesing og registrering

Registreringen er no avslutta.

 

Konsekvensar ved manglande avlesing av vassmålar

Me har døme på abonnentar som ikkje har levert inn målestand på fleire år. Når abonnenten endeleg har gjort det, enten på grunn av flytting eller av andre årsakar, har det vist seg at det stipulerte forbruket gjennom desse åra har vore for lågt eller for høgt. I begge tilfella blir det store summar som skal betalast eller tilbakebetalast.

I andre tilfelle har abonnenten hatt vasslekkasje. Over år har dette blitt til ei rekning for vatn og avløp på fleire titusen kroner.

Ein god regel er difor å levera inn registrert målestand ved nyttår på mottekne skjema, eller via heimesida til kommunen. Det er òg lurt å sjekka vassmålaren jamnleg for å halda oppsyn med forbruket i tilfelle lekkasje.

Dette kostar ein vasslekkasje 

Mengdane kan variera:

  • Dryppande kran, ca 1 drypp/sek; 9 m³ pr år, eller 150,75 kr inkl. mva
  • Rennande kran, ca 2 mm stråle; 45 m³ pr år, eller 753,75 kr inkl. mva
  • Hol i røyr, ca 0,5 mm i diameter; 175 m³ pr år, eller 2931,25 kr inkl.mva
  • Lekkasje i WC, ikkje synleg på vassflata; 100 m³ pr år, eller 1675,00 kr inkl mva
  • Lekkasje i WC, uroleg vassflate; 400 m³ pr år, eller 6700,00 kr inkl.mva

I 2009 blei det innført gebyr dersom grunneigar ikkje gir opplysningane om vassforbruket etter at det er gitt varsel om kontroll av vassmålarstand. Dette gebyret er i 2016 på kr. 1875,00 inkl mva.