Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Utsleppsløyve

Generelt

Eig du bustad, hytte, turistbedrift eller liknande som ikkje er knytt til (eller kan knytast til) offentleg avløpsanlegg, må du søkja kommunen om løyve til å sleppa ut avløpsvatn.Dersom verksemda berre slepp ut gråvatn, gjeld plikta berre dersom det er innlagt vatn. Med avløpsvatn meiner ein avløp frå vassklosett, kjøkken, bad og vaskerom. Med innlagt vatn meiner ein vatn frå vassverk, brønn og cisterneanlegg som blir ført innandørs gjennom leidning. Med gråvatn meiner ein avløp frå kjøkken, bad og vaskerom (ikkje klosettavløp).

Kriterier/Vilkår

Utlseppet skal vera mindre enn 50 pe (personekvivalentar). Standardvilkåra går elles fram av forureiningsforskrifta, kap. 12. Vilkår kan òg gå fram av løyvet. Eigaren av avløpsanlegget er ansvarleg for drift og vedlikehald etter forskrifta.

Kommunen kan kontrollera at anlegget er lokalisert, bygd og drive i samsvar med vilkår som går fram av løyvet.

Brosjyrer, dokument, kart og liknande

Informasjon om val av privat avløpsløysning

Ny lokal forskrift for mindre avløpsanlegg 

Søkarrettleiing for utsleppsløyve frå mindre avløpsanlegg i Jæren Vannområde

Søknadsskjema for utsleppsløyve frå mindre avløpsanlegg i Jæren Vannområde

Eksempel på kartvedlegg til søknad om utsleppsløyve

Sanitærreglement

Tilskotsordning for oppgradering av private avløpsanlegg

 

Lover og forskrifter

Forureiningslova

Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker

Lov om vern mot forureining og mot avfall, §22 Krav til utførelse av avløpsanlegg

Forureiningsforskrifta

Forskrift om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta) kap. 12 Krav til utslepp av sanitært avløpsvatn frå bustadhus, hytter og liknande.

Forskrift for nedgravde oljetankar i Klepp kommune

Praktiske opplysningar

Kommunen gjev rettleiing om vilkår, forudnersøkingar og korleis du skal søkja om utsleppsløyve. Skriftles søknad skal mellom anna innehalda desse opplysningane:

  • dokumentasjon på korleis ein skal etablere og drive utslepp
  • om utlseppet skal etablerast og drivast i samsvar med krava i kap 12 i forureiningskforskrifta eller om det blir søkt om fritak frå krava
  • plassering av avløpsanlegg og utsleppsstad på kart
  • interesser som ein trur etableringa får føljger for, t.d. drikkevatn

Partar og andre som saka kan få følgjer for, skal ha varsel om innhaldet i søknaden. Kopi av varselet skal sendast til kommunen. Eventuelle fråsegner skal leggjast ved søknaden.

Kommunen kan under handsaminga av søknaden fastsetja krav som skil seg frå kap. 12 i forureiningsforskrifta, eller nekte etablering av utslepp. Når kommunen avgjer om det skal fastsetjast andre krav, skal det leggjast vekt på ureiningsulemper samanlikna med dei føremonene og ulempene som tiltaket elles vil føra med seg.

Fullstendig søknad om utsleppsløyve som er i samsvar med krava i kap. 12 i forskrifta, skal avgjerast av kommunen innan seks veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort saka innan fristen, kan ein rekna med at løyvet er gjeve, såframt det ikkje er nokon grunn til å tru at nokon av partane vil vera misnøgde med dette. Fullstendig søknad med krav som skil seg frå forskrifta, skal avgjerast så snart som mogeleg.

Ein kan klaga på vedtaket innan ein frist på tre veker frå ein mottek vedtaket. Klaga skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal ein føra opp kva ein ønskjer å endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen kan gi rettleiing. Klageinstans er klagenemnda i kommunen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket vurdera om det er grunn til å endra det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til klagenemnda.