Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Olje og feittutskillarar

Olje og bensinutskillarar

Utslepp av olje og kjemikalier er eit alvorleg miljøproblem og kan forårsaka store driftsproblem i avløpsnettet. Alle bilverkstadar og bilvaskeplassar, samt andre bedrifter der avløpsvatnet kan innehalda bensin og oljehaldige stoff, skal difor ha olje- og bensinutskillar.

Det er eigar/drivar sitt ansvar at utksillaren til ei kvar tid fungerer som han skal.

Kommunen har eit overordna oppsyn med drift og vedlikehald av utskillaren. Dersom utskillaren ikkje blir driven forskriftsmessig kan kommunen pålegga utbetringar.

Eigar/drivar skal ha skriftleg avtale med eit godkjent firma for tømming av spesialavfall, og oljeutskillaren skal tømmast minst ein gong per år. Ved kvar tømming skal tømmefirmaet senda kopi av tømme- og tilstandsrapport til Lokal utvikling, kommunalteknisk avdeling, i kommunen.

Eigar/drivar skal føra driftsjournal for anlegget.

Vaske- og avfeittingsmiddel som blir brukt skal vera godkjente av Miljødirektoratet.

For nærare informasjon eller hjelp, ring 51 42 97 69

Feittutskillarar

Avleiring av feitt i avløpsnettet kan føra til skader på leidningar, pumpe- og reinseanlegg. Verksemder med utslepp av avløpsvatn som inneheld animalsk eller vegetabilsk feitt (kioskar, restaurantar, matvarebutikkar, storkjøkken m.m) skal ha feittutskillar. Det er eigar/drivar sitt ansvar at feittutskillaren til ei kvar tid fungere tilfredsstillande. Dersom feittutskillaren ikkje blir driven som han skal, kan kommunen pålegga utbetringar.

Regelmessig tømming og reingjering er avgjerande for at feittutskillaren skal ha ønska effekt.

Feittutskillaren må tømmast før feittlaget utgjer > 25 % av volumet. Ved kvar tømming skal tømmefirmaet senda kopi av tømme- og tilstandsrapport til Lokal utvikling, kommunalteknisk avdeling, i kommunen.

Det skal førast driftsjournal for anlegget.

For nærare informasjon og hjelp, ring 51 42 97 69

Forskrift, rettleiar og skjema

Forureiningsforskrifta del 4, kap 15

Norvar sin rettleiar for drift av olje & bensinutskillarar

Kommunalt årsrapporteringsskjema for kontroll av oljeutskillarar

Rettleiar om installering av ny oljeutskillar

Søknadsskjema for utslepp av oljeholdig avløpsvatn