Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Informasjon om digital vassmålar

Klepp kommune tek i bruk ny teknologi for å lesa av vassmålarane

Arbeidet med å skifta ut vassmålarane startar opp før sommarferien 2018. Klepp kommune har engasjert røyrleggarfirmaet Sig. Halvorsen til å stå for utskiftinga. Dermed vil alle husstandar i Klepp kommune som i dag har vassmålar, i løpet av dei næraste 5 åra få besøk av ein røyrleggar fra Sig. Halvorsen, som tar med seg den gamle vassmålaren og erstattar den med ny. Dette skjer kostnadsfritt for kunden. Røyrleggar vil ta kontakt på SMS og kunden kan melda tilbake om aktuelt tidspunkt for utskifting. 

I tillegg til kravet om vassmålar, skal det óg vera montert vassmålarkonsoll. I dei bustadane der dette ikkje er på plass i dag, vil røyrleggar  montera konsoll samstundes som han skiftar ut målaren. Kostnaden med å bygga inn vassmålarkonsoll vil tilfalla kunden all den tid dette er eit krav. 

Lovpålagt vassmåling

Klepp kommune har hatt lovpålagt vassmåling sidan 2002. Basert på målt vassmengd betaler kunden for det vatnet dei faktisk brukar. Tilsvarande blir avløpet rekna ut frå målt vassforbruk. Unntaket er gardsbruk og andre verksemder som brukar mykje vatn i produksjonen der tilsvarande mengde ikkje går i avløpsnettet. Dei betalar for vassforbruk, men betalar kun for ein liten del av avløpet. 

Ny teknologi

Fram til no har kunden sjølv lest av vassmålaren ved årsslutt og levert målarkort til kommunen eller rapportert målarstanden inn på heimesida til kommunen. Den manuelle avlesinga er kjelde til feil og fører til meirarbeid både for kunden og for Klepp kommune. 

Det finst i dag teknologi på marknaden som vil kunne løysa dette problemet. Klepp kommune har gått til innkjøp av såkalla smarte vassmålarar og vil i løpet av ein 5 års periode skifta ut alle husstandvassmålarane med målarar av denne typen. Når den nye vassmålaren er på plass i bustaden, vil kunden sleppe å lesa denne av på eiga hand. Teknologien gjer at Klepp kommune er i stand til å henta ut  data frå vassmålarane til ein pc som er plassert i ein kommunal tenestebil ute i gata. 

Dermed vil Klepp kommune ha heile ansvaret for å registrera målardata og rapportera dette vidare til gebyrsystemet. Det vil vera display på målaren, slik at huseigar framleis vil vera i stand til å kontrollera den vassmengda kommunen har målt og lagt til grunn for faktureringa. 

Tilbakeslagsikring

Dei abonnentane som er i aktuell kategori for å ha tilbakeslagssikring på vassinntaket, (institusjonar, kantiner, industriverksemder, næringsmiddelverksemder og abonnentar med brønn),  vil få krav om å bygga inn dette på vassinntaket. Det same vil gjelda for gardsbruk, men Klepp kommune hadde ein informasjonskampanje om dette retta mot gardsbruk i 2014 og dei fleste gardsbruka i Klepp har i dag tilbakeslagssikringa på plass. 

Kravet om tilbakeslagssikring gjeld også ved all nybygging, også av einebustader og leilegheiter. 

Vil bli blant dei leiande i landet

Klepp kommune har i dag om lag 6500 vassmålarar. Når desse er skifta ut med smartmålarar vil kommunen vera blant dei leiande i landet på å ha tatt i bruk denne nye teknologien. Den nye teknologien vil óg bidra til at kommunen kan drifta leidningsnettet sitt meir effektivt, i og med at ein vil få betre oversikt over vassforbruk på det enkelte leidningsstrekka og i dei enkelte delane av kommunen.

Ny vassmålar