Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Generell informasjon om avløp

Kommunen sørger for at avløpsvatnet ditt blir leia bort og reinsa på ein forsvarleg måte før det blir sleppt ut i sjø eller vatn.

Vakttelefon avløp

Vakttelefon: 90940216

 

 Kor blir det av avløpsvatnet?

For største del av kommunen blir avløpsvatnet leia til reinseanlegget på Bore. Dette reinseanlegget tilhøyrer IVAR (interkommunalt vatn, avløps og renovasjonsverk), som igjen er eigd av jærkommunane. På Vik har IVAR eit biologisk reinseanlegg som tar imot avløpsvatn frå den sørlege delen av kommunen.

Overvatn (regnvatn og drensvatn) blir leia til næraste elv, sjø eller vatn.

 Dekning og prioritet

Alle regulerte område er dekka med kommunalt avløpsnett.

Spredt busetnad, i hovudsak områda Orstad, utkanten av Kleppekrossen, Tjøtta, Tu, Laland, Øksnevad, Voll, delar av Bore, Vasshus, Skas og Sele, er delvis dekka med kommunalt avløpsanlegg.

Framover vil Klepp kommune prioritera dei områda som har innlandsvassdrag som resipient. Det vil først og fremst innebere at me arbeidar for å få komplette avløpsanlegg i dei nemnde områda. 

Områda som har Nordsjøen som direkte resipient vil ikkje bli prioriterte før alle som drenerer til innlandsvassdrag er kopla til det kommunale avløpsnettet. Det vil òg leggast vekt på fornying av det kommunale leidningsnettet i dei eldste byggefelta.

Driftskontrollen 

Driftskontrollen for avløpsnettet har overvaking, og til ei viss grad fjernstyring, av 31 pumpestasjonar.

Anlegget har ein loggfunksjon slik at målte parametre blir lagra i ein database. Alle data kan skrivast ut som tabellar eller kurver, slik at ein t.d. kan dokumentera gangtid for pumper, straumforbruk, nivå i pumpesump m.m. Dersom pumper stoppar eller avløpsvatn går i overløp, blir det utløyst ein alarm.