Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Drikkevatn

Klepp får sitt drikkevatn levert frå IVAR (www.ivar.no). Vassbehandlingsanlegget som forsyner Klepp er Langevatn. Det ligg i Gjesdal kommune, like sør for Ålgård. Råvasskjeldene er to innsjøer, Stølsvatn i Bjerkreim kommune og Storavatn i Gjesdal kommune.

Vakttelefon drikkevatn

Vakttelefon: 90 94 02 16 

Vassleidningsbrot

Ved brot på kommunen sin vassleidning ring 51 42 98 00 / 95 23 50 48 dersom det er i kontortida (07.40 - 15.10)

Utanom kontortid ring  90 94 02 16            

Kommunen rykker ut så snart me får melding om brotet. Ved behov blir det etablert midlertidig vassforsyning, enten ved vasstank eller ved provisorisk vassleidning. Reparasjon av brotet vil normalt vera utført i løpet av eit døgn.

Vassleidningsbrot på din private vassleidning må straks meldast til røyrleggar.    

Generelt

Kommunen leverer vatn gjennom det kommunale leidningsnettet til dei bustadanae og bygga som er knytta til på nettet. Eventuelle krav til slik tilknyting blir normalt avgjort gjennom reguleringsplanen eller ved søknad om byggjeløyve. I område utan kommunal vassforsyning må det bli etablert ei eiga ordning for vassforsyning. Kommunen kan ikkje gje byggjeløyve utan at vass- og avløpsløysninga er tilfredsstillande.

Avbrot i vassforsyninga

Kommunen skal varsla forbrukarane om planlagde driftsavbrot og tilhøve som påverkar drikkevasskvaliteten, til dømes spyling av leidningsnettet. Dette vil bli varsla gjennom annonser i aviser eller sms/telefonbeskjed direkte til dei det gjeld, slik at det er mogeleg å tappa opp naudsynt forbruksvatn.

Kvalitetskrav

Dersom naudsituasjonar gjer det naudsynt å gjera unntak frå krava til kvalitet, skal forbrukarane bli informerte om situasjonen og kor lenge den mellombelse vassforsyninga vil vara. Forbrukarane kan reklamera etter forbrukarskjøpslova dersom ein meiner at kommunen ikkje leverer vatn i samsvar med krava i mellom anna drikkevassforskrifta.                         

Regelmessig prøvetaking

Kommunalt drikkevatn i Klepp blir analysert av eit autorisert laboratorium etter eit fast program som er fastlagt i samråd med Næringsmiddeltilsynet med bakgrunn i drikkevassforskrifta.

Private vasskjelder/brønn

Dersom det er naudsynt å ta vassprøver av drikkevatn frå private drikkevasskjelder som brønn og liknande, ber me om at den enkelte grunneigar tek kontakt med Eurofins på Klepp stasjon - adresse: Lalandsvegen 2. Her får ein utlevert prøveflasker, og det er her vassprøvene skal leverast inn og analyserast etterpå. Ta gjerne kontakt med kommunen når analyseresultatet ligg føre.

Røyrleggararbeid

Alt arbeid i samband med private sanitæranlegg skal utførast av godkjent røyrleggar. Unntaka er skifting av pakning og staking av vaskar og sluk.

Ta kontakt med kommunen sin røyrleggarkontroll på tlf 51 42 98 00  dersom du vil ha nærare opplysningar om røyrleggararbeid og krav til søknadar.

Hagevatning

Kommunen kan gje restriksjonar for å bruka vatn når det er vassmangel. Hagevatning er normalt lov i heile kommunen. Dersom det er fare for problem med å levera vatn i tilfredsstillande mengd, trykk og kvalitet, vil innskrenking av vatning, eller vatningsforbod, blir annonsert i avisene og på internettsida til kommunen.

Skader og driftsproblem

Skader på bygning eller eigedom skulda feil på det kommunale vassystemet, skal alltid meldast til ditt forsikringsselskap og til komunalteknikk på telefon 51 42 98 00 

Får du driftsproblem på ditt private vassannlegg kontaktar du din røyrleggar.

Leidningskart

Opplysningar om kor private og kommunale vassleidningar ligg, får ein ved å kontakta kommunen sin røyrleggarkontroll på rådhuset, eller på tlf 51 42 98 00 

Kartkopiar er gratis.

Pris for tenesten

Kommunale vassgebyr