Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Avløp og reinsing

Generelt 

Kommunen etablerer, driftar og held vedlike offentlege avløpsanlegg (avløpsnett, avløpsanegg og utsleppsinnretning). Føremålet er å samla opp avløpsvatn, transportera vatnet til eigna reinseanlegg og sleppa det reinsa vatnet ut i ein vassførekomst. Anlegget skal førebyggja ureining av miljøet og hindra at det flaumer over. Avløpsvatn tyder her vatn frå bustadar og næringsliv, dvs. både sanitært og industrielt avløpsvatn, og overvatn/drensvatn. Kommunen har ansvar for utlsepp frå det offentlege avløpsanlegget. Kommunen rapporterer utsleppsdata til Fylkesmannen via KOSTRA (det internettbaserte systemet til Statistisk Sentralbyrå). Utsleppsdataa viser m.a. i kva grad avløpsreinseanlegget følgjer reinsekrava.

Avfallskvern

Klepp kommune tillet ikkje bruk av avfallskvern

Kjøkkenavfallskvern er ein innretning som installeres på avløpsrøyr frå vasken i kjøkkenbenken, og som ein kan kverne opp matrester og anna organisk avfall med. Etter kverning vert materialet blanda med avløpsvatnet og ført vidare til reinseanlegget.

Bruk av kjøkkenavfallskverner fører til økt tilførsel av forureininger til leidningsanlegg og renseanlegg, kan auke driftsutgiftene, og vil dessutan medføra auka forureining om avløpsanlegga ikkje har kapasitet til å håndtera auke i forureiningsmengda.

Kriterier og vilkår

Bustadar og verksemder må vera kopla til, eller skal koplast til det offentlege avløpssystemet ved privat stikkleidning til hovudleidning. Kommunen kan gjennom enkeltvedtak krevja rehabilitering av private stikkleidningar for å hindra ureining.

Pris for tenesten 

Tilknytning og årsgebyr vatn og avløp 

Regelverk

Plikta til å vera kopla til eit offentleg avløpssystem går fram av §27-2 i plan- og bygningslova. I § 22 i forureinigslova står det om krav om rehabilitering av private stikkleidningar for å hinra ureining.

Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningslova) § 27-2 Avløp

Lov om vern mot forureiningar og mot avfall (forureiningslova) §22 Krav til utførelse av avløpsanlegg

Forskrift om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta) kap.12 Krav til utslepp av sanitært avløpsvatn frå bustadhus, hytter og liknande.

Forskrift om avgrensing av forureining (forureingsforskrifta) kap. 16 Kommunale vatn- og avløpsgebyr

Forskrift om miljøretta helsevern

Kommunal forskrift for vatn- og avløpsgebyr

Kommentarar til kap. 12 i forureiningsforskrifta: Krav til utslepp av sanitært avløpsvatn frå bustadhus, hytter og liknande.

Høve til å klaga

Der kommunen gjer eit enkeltvedtak (pålegg om tilkopling etter plan- og bygningslova, rehabilitering), kan ein klaga på vedtaket innan ein frist på tre veker frå ein mottek vedtaket. Klagen skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal ein føra opp kva ein ønskjer endra i vedtaket, og grunngje dette. Kommunen vil kunna gi rettleiing. Den instansen i kommunen som har gjort vedtaket skal vurdera om det er grunn til å endra det. Deretter skal klagen sendast til Fylkesmannen, som er klageinstans.