Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Abonnementsvilkår

Målgruppe

Eigar av eigedom med vass- og/eller avløpsinstallasjonar som anten er tilknytta offentleg vass- og avløpsanlegg, eller som har fått pålegg om tilknyting etter reglane i plan-og bygningslova.

Generelt

For å bli kopla til det offentlege vass- og avløpsanlegget i kommunen må du søkja kommunen om tilknytning. Dette gjeld for nye byggetiltak, eller om du har fått pålegg om tilknyting etter reglane i plan- og bygningslova. Som abonnent er du ansvarleg for at ditt private vatn- og avløpsanlegg (som stikkleidningar og utstyr på utsida av husveggen som blir knytta til det offentlege anlegget) er i forskriftsmessig stand. Komunen har ansvar for å byggje, drifte og vedlikehalde det kommunale vass- og avløpsanlegget.

Arbeid på kommunale leidningar

Du skal få informasjon i god tid dersom det skjer planlagde stopp i vassforsyninga eller avløpshandteringa på grunn av arbeid på kommunale leidningar.

Krav til kvalitet

Drikkevatnet skal oppfylla fastsette krav til kvalitet (sjå drikkevassforskrifta). Vasstrykket skal vera minst 2 bar ved tilknytningspunktet på den kommunale vassledningen. Du skal få varsel frå kommunen dersom det skjer vesentlege endringar i vasstrykk eller vasskvalitet. Er det vassmangel eller når andre tilhøve krev det, kan kommunen innføra restriksjonar på vassforbruk til spesielle føremål, til dømes hagevatning.

Kriterier/vilkår

For tilknyting til offentleg vass- og avløpsanlegg gjeld abonnementsvilkåra for vatn og avløp - administrative og tekniske føresegner - som kommuene har vedteke. Desse vilkåra gjeld både for eksisterande og nye abonnentar, uavhenging av om abonnenten har skrive under ei erklæring om å overhalda vilkåra eller ikkje.

Ansvar

Kommunen er utan ansvar for skadar som kjem av svikt i vasstilførselen eller i avløpssystemet hos abonnenten, under dette tilbakeslag frå offentleg avløpsanlegg, med mindre svikten kjem av forsettleg eller uaktsomt tilhøve frå kommunen si side. Kommunen kan krevja at anlegg blir reparert, utbetra, lagt om eller fjerna dersom dei er i strid med abonnementsvilkåra eller plan- og bygningslova.

Det må ikkje tilførast væske, stoff, gass eller produkt som kan vera brann- eller eksplosjonsfarlege, miljø- eller helsefarlege eller skadelege for offentlege avløpsanlegg.

Bygging

Offentlege vass- og avløpsanlegg skal ikkje overbyggjast. Ny byggjeverksemd, inklusive garasjar og støttemurar, skal ikkje plasserast slik at utbygginga er til ulempe for drift og vedlikehald av offentlege vass- og avløpsanlegg. Slik utbygging skal ha ein avstand til offentleg vass- og/eller avløpsanlegg på minst fire meter.

Regelverk

Lov om forbrukarkjøp (forbrukerkjøpsloven)

Lov om planlegging og byggesakshandsaming (plan- og bygningslova)

Forskrift om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta)

 Forskrift om vassforsyning og drikkevatn (drikkevassforksrifta)

Praktiske opplysningar

Søknadsskjema får du hos kommunen. Søknad om tilknyting skal underskrivast av deg som abonnent og av godkjent føretak. Søknaden skal vera godkjent før arbeidet blir sett i gong, med mindre kommunen tillet noko anna. Dersom eit arbeid undervegs blir overdratt til eit anna, godkjent føretak, skal det sendast ny søknad. For eit arbeid som ikkje er påbegynt innan tre år etter at løyvet er gjeve, fell løyvet bort. Skal du seinare gjera reparasjonar eller utbetringar som gjev vesentlege endringar i vassforbruk eller utsleppsmengder, må du ha nytt løyve frå kommunen.

Vedlegg

Godkjent føretak skal sørgja for at det ligg føre situasjonsplan som viser privat vass- og avløpsanlegg (slik det er bygd) så snart anlegget er ferdig. Situasjonsplanen skal sendast til kommunen.

Sakshandsaming

Kommunen kan når som helst, og utan varsel på førehand, kontrollera/inspisera sanitærinstallasjonar og private vass- og avløpsanlegg som er under oppføring. Kontrolløren skal utan oppfordring legetimera seg. Kommunen kan gje pålegg om reparasjon, utbetring og eventuell omlegging dersom installasjonane ikkje er i samsvar med abonnementsvilkåra.

Høve til å klaga

Normalt vil det ikkje vera høve til å klaga til ein overordna instans. Ved usemje om abonnementsvilkåra kan det reisast sivilt søksmål for domstolane. Er det manglar ved vasskvalitet eller trykk, kan abonnenten etter visse reglar krevje prisavslag og/eller erstatning (sjå forbrukarkjøpslova).