Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Vipps søppelet vekk

No kan du kjøpa ekstrasekk med Vipps

Dersom du ikkje får plass til alt restavfallet ditt i dunken, kan du kjøpa ekstra sekk med Vipps (nummer som skrives på sekken), eller ha det i eigen sekk som kjøpes på rådhuset i Klepp. Kjøpte ekstrasekker eller merka sekker skal plasserast ved sida av restavfallsdunken på tømedagen for restavfall.

Det kostar 35 kroner per ekstrasekk.

Du må vippsa på ny for kvar sekk slik at du får eit unikt nummer pr sekk. Umerka sekkar for restavfall vil ikkje bli henta.

 

Kjøp med Vipps fungerer slik:

• Du kan nå kjøpa søppelmerke med Vipps. Bruk «kjøp og betal» i Vipps. Nummeret er 549377

• Når du har betalt, vil du få opp ein ordre-id med sju siffer.

• Skriv ned tala på ein lapp og fest han på søppelsekken. Eit godt tips er å skriva med tusj på ein tjukk teip.