Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Vinter og snø

Tømming av søppeldunkar ved snøfall og vanskelege kjøretilhøve

Når snøen legg seg, er det viktig å huska på søppeldunkane! Skal dei tømmast i morgon? Det må måkast slik at dunkane lett kan trillast fram. Sjekk òg at dei ikkje er fastfrossa. Ein kan ikkje rekna med at dunker som ikkje er tømt fordi dei var innesnødde, fastfrossa e.l vil bli tømt seinare.

Der renovasjonsbilen køyrer på private vegar, er det viktig å huska at det er brøyta og strødd om det er naudsynt.

Renovatørane startar kjøringa ca kl 0600.

Avfall som frys fast i dunkane

Når me får minusgrader opplever nokre problem med å få tømt dunken for våtorganiks avfall. Dette skuldast at avfallet frys fast og ikkje lar seg tømma. Dette kan òg skje viss det er mykje fukt i restavfallet. For å hindra dette er det lurt å leggja nokre aviser i botnen og litt opp på sidene av dunkane om vinteren. Avisene vil hindra at avfallet frys fast i dunken.

Renovasjonsforskrifta

I renovasjonsforskrifta står det mellom anna:

"... I perioder med snø og is kan det være nødvendig å ha en annen plassering av beholderer som skal tømmes enn resten av året. Avfallsbeholderen plasseres lett tilgjengelig med håndtak i henterentingen." (frå § 10 Plassering og tømming av oppsamlingsbeholderen).

"...Om vinteren må veien og eventuell snuplass være brøytet og om nødvendig strødd. Vinterstid kan glatt veibane føre til at vei eller gate ikke betegnes som kjørbar vei." (frå § 11 Krav til kjørbar vei).