Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Om nye avfallsposar, heimekompostering m.m.

Dei nye matavfallsposane som er delt ut for 2018 er av plast. Grunnen er at matavfallet no vert levert til biogassanlegget på Grødaland, og bioposane fungerer ikkje så bra i denne prosessen. Difor vert det no nytta plastposar som blir fjerna i mottaket og send til energigjenvinning på Forus, og seinare til materialgjenvinning i sorteringsanlegget der når det kjem i drift i 2019. Nokre har oppfatta dette som at matavfallet berre skal gå i restavfall. Dette stemmer ikkje! Matavfallet blir til biogass på Grødaland.

Har du framleis bioposar kan du nytte desse til dei er oppbrukt.

NB! De som har heimekompostering og de som kan kaste matavfallet i gjødselkjellaren: Desse posane vert ikkje kompostert. (Kan skyljast og leverast som plastemballasje.)

Meir info finn du her.