Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Kommunale avgifter info

Kommunale avgifter

I løpet av veke 12 sender me ut faktura for dei kommunale avgiftene for 1. termin 2020, med betalingsfrist 15. april.

Har de spørsmål om dei kommunale avgiftene ber me om at de tek kontakt etter 27. mars.

  

Kva betaler du for?

Feieavgift: Avgift for feiing/branntilsyn.

Renovasjon: Avgift for renovasjon er betaling for at kommunen tek hand om avfallet ditt.

Avgift for vatn og avløp er betaling for at du har vatn i springen, avløp frå eigedommen og at spillvatnet (avløp) vert reinsa.

Avgift for slam er betaling for at kommunen tømmer septiktanken.

 

Kor ofte kjem det faktura?

Du som eig ein eigedom i Klepp kommune vil motta faktura på kommunale avgifter to gonger i året.

Faktura for første termin inneheld faste avgifter for perioden januar til og med juni. På denne fakturaen vil det i tillegg vera eit oppgjer på det du har betalt inn forskotsvis for vatn og avløp, utrekna mot det faktiske forbruket i fjor. Dette er grunnen til at du skal lese av og levera inn vassmålarstanden din i slutten av desember kvart år. Vassmålarstanden seier oss kor mykje det faktiske forbruket ditt av vatn og avløp har vore i løpet av året. Du betaler og forskot (akonto) for det forventa forbruket av vatn og avløp for første halvår. Fakturaen har betalingsfrist 15. april.

Faktura for andre termin inneheld faste avgifter for perioden juli til og med desember. I tillegg til forskot (akonto) for det forventa forbruket av vatn og avløp for andre halvår. Fakturaen har betalingsfrist 15. oktober.

Kor finn eg fakturaen?

Dei som har efaktura og/eller avtalegiro finn opplysningar om faktura i nettbanken sin, eller i melding frå banken sin. Andre får faktura sendt til sin digitale postkasse eller til Altinn. Dersom du ikkje har digital postkasse eller har reservert deg mot digital utsending, får du faktura sendt til din postkasse.

 

Kva tyder feie- /tilsynsgebyr?

Viss du har eldstad kopla til pipeløpet betaler du for feiing og branntilsyn.

Informasjon frå Rogaland brann og redning: 

I tråd med Forskrift om brannforebygging har Rogaland brann og redning IKS (RBR) lagt om sine lovpålagte tjenester om boligtilsyn og feiing til å bli risikobasert.

PRIORITERER BOLIGER MED HØYERE RISIKO FOR BRANN

Alle boliger i våre 9 eierkommuner blir vurdert etter en risikomodell med ulike faktorer som spiller inn. 
Vi går tilsyn og feier ved behov, ut fra kriterier som type skorstein, ildsted, alder på bolig, alder på beboere og type byggverk.
Risikomodellen gir en prioriteringsliste for hvor seksjonen skal gjennomføre boligtilsyn. 
Boliger med høyere brannrisiko vil til enhver tid bli prioritert, og dette fører til at noen boliger får tilsyn ofte og noen sjeldnere.

Les mer på www.rogbr.no/brannforebyggende-avdeling/boligtilsyn-og-feiing/risikobasert-tilsyn-og-feiing

Kva tyder restavfall 120/240/660 liter?

Dette er renovasjonsavgift alt etter kor stor avfallsbehaldaren din er.

 

Kva tyder abonnement vatn og avløp?

Dette er eit fast beløp alle som mottek desse tenestene må betala.

 

Kva tyder faktisk vass- og avløpsforbruk i fjor?

Det tyder målt forbruk av vatn/avløp førre år.

 

Kva tyder berekna forbruk vatn-/ avløp?

Dette er førehandsbetaling av forventa forbruk vatn/avløp inneverande år.  Det er basert på forbruket ditt førre år. 

 

Kva tyder avløpsavgift pr. enhet?

Viss du har gardsbruk som er tilkopla offentleg avløp betaler du fast avløpsavgift pr. bygning (bustad og driftsbygninger).

 

Kva tyder gebyr slamavskiller m3?

Dette er eit årleg gebyr som er rekna ut frå kva storleik du har på slamtanken/septiktanken din. Det er betaling for at kommunen tømmer slamtanken/septiktanken.

 

Kva tyder gebyr manglande avlesing vassmålar?

Dersom du ikkje les av målaren eller målarane dine får du eit gebyr på kr 1500 per målar.

 

Kva tyder stipulert forbruk?

Viss du ikkje har installert vassmålar betaler du vass-/avløpsavgift etter stipulert forbruk. Frå 01.01.2019 vil dette vera på 350 muavhengig av storleik på bustaden din.