Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Farleg avfall

Generelt

Kommunen skal sørgja for at det finst mottak der du kan levera farleg avfall. Pass på at emballasjen er tydeleg merka med opplysningar om innhaldet. 

Definisjon

Farleg avfall er avfall som ikkje kan handterast smana med anna hushaldsavfall fordi det kan føra til alvorleg forureining eller skade på menneske eller dyr.

Døme på farleg avfall frå hushald er:

  • Reingjeringsmiddel som inneheld farlege stoff
  • Oppladbare batteri 
  • Maling, lim, lakk, løysemiddel og sprayboksar som inneheld farlege stoff
  • Materiale som inneheld asbest
  • Isolerglasruter som inneheld PCB 
  • Impregnert trevirke
  • Ulike elektroniske og elektriske produkt (EE-avfall)

Kriterier/Vilkår

Kommunen si plikt avgrensar seg til å motta inntil 400 kg totalt per år per avfallseigar. I tillegg har kommunen plikt til å motta inntil 500 kg PCB-haldige isolerglasruter per år per avfallseigar.

Pris for tenesten

For hushald er det gratis å levera farleg avfall. Renovasjonsavgifta dekkjer dette. Verksemder må betala gebyr når avfallet blir levert.

Forskrift

Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta)