<-->

Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Innsamling glas og metall

NY BOSSDUNK

Endringar i renovasjonsordninga: Frå 1. januar 2020 vert det eiga innsamling av emballasje i glass og metall ute hos abonnentane.

Den 2. veka i oktober startar Klepp kommune med å køyra ut dunkar for emballasje av glass og metall. Det vert levert ut like mange behaldarar som det er matavfallsbehaldarar. Dei som har ordning med heimekompostering, får også utlevert dunkar for emballasje av glass og metall

Dunkane for emballasje av glass og metall vil verta tømde kvar 8. veke frå og med 2020.

Samstundes med utlevering av ny dunk, vert det og levert ut 2 rullar med posar for matavfall for 2020. Men i dei komande åra skal abonnentane sjølv knyte ein pose på lokket til den brune dunken som signal til sjåføren, når ein treng ny rull med matavfallsposar.

Dei ubetente miljøstasjonane for emballasje av glass og metall vert ståande i ein overgangsperiode. I første omgang til påsken 2020.

For dei som er tilknytta nedgravde containerar, så vert ein del av desse bytta til ein container for glass og metall.

Oppdaterte køyreruter og hentedagar vil verta annonserte like før årsskiftet. Tømmekalenderen i papir vert erstatta av ein app/løysing på nett, der kvar enkelt kan søka opp si adresse og få opp lista med tømmedagar.

Dersom nokon framleis ynskjer tømmekalender i papirutgåve, kan dei ta kontakt med Klepp kommune og få tilsendt dette pr. post.