Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Heimekompostering av matavfall

Matavfall er ein verdifull ressurs som saman med hageavfall kan omdannast til næringsrik kompost.

Generelt

Matavfall er ein verdifull ressurs som saman med hageavfall kan omdannast til næringsrik kompost. Skal du heimekompostera matavfall, inngår du ein eigen avtale med kommunen. Du må bruka ein isolert og lukka komposteringsbinge som sikrar at smittestoff frå avfallet blir brote ned, at ikkje rotter og fuglar kjem til, og at fluger ikkje kan formeira seg i komposten.

Ved å levera inn den vanlege behaldaren for matavfall (brunt lokk) og betala eit depositum på kr. 625, leverer kommunen ut ein 250 l behaldar for heimekompostering. Dette vil gje ein reduksjon i renovasjonsgebyret på 20%.

Ein må óg gjennomføra eit kurs i heimekompostering, sjå under.

Bur du i eit låghus, vil du som regel trygt og enkelt kunna kompostera ditt eige kjøkkenavfall. For burettslag og sameige kan det gjelda eigne reglar.

Om lag 30% av hushaldsavfallet er matavfall frå kjøkkenet. Med heimekompostering av matavfallet kan du redusera avfallsmengda med 50 - 150 kg/person*år.

Kurs i heimekompostering

Gratis kurs i heimekompostering blir arrangert av Sandnes kommune. Å gjennom føra eit slikt kurs er ein forutsetning for å få utdelt kompostdunk og rabatt i renovasjonsgebyret.

Påmelding  (På påmeldingsskjemaet finn du informasjon om tid og stad.)

Ein kan òg melda seg på til Gladys Egeland, Sandnes kommune: gladys.egeland@sandnes.kommune.no

Kor finn du meir informasjon?

Det norske hageselskap

Svanemerka kompostbehaldarar

Grønn kvardag