Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Generelt

Kommunen si oppgåve

Kommunen skal sørgja for å samla inn hushaldsavfall (tvungen renovasjon). Hushaldsavfall er rekna som avfall frå private hushald, òg større gjenstandar som inventar. Stativ og liknande blir sette opp slik kommunen avgjer. Farleg avfall skal ikkje blandast med vanleg hushaldsavfall, men leverast på eige mottak. Det finst òg eigne returordningar for bestemte typar avfall. Kommunen kan etter søknad unnta bestemte eigedommar frå den kommunale innsamlinga.

Målgruppe

Private hushald

Pris for tenesten

Renovasjonsgebyret et fastsett i kommunal forskrift.

Gebyr feiing og renovasjon

Kommunalteknisk avfallsnorm

Kommunalteknisk avfallsnorm stiller krav om at ”Renovasjonsteknisk plan” skal ligge føre og vera godkjent før område- og detaljregulering og byggesak blir godkjent. Denne skal vera ein del av anna planlegging i alle relevante ledd i planprosessen, anten som eige plandokument eller teikna inn i andre plandokument.

Utarbeiding av renovasjonsteknisk plan skal dokumentere at avfalls- og renovasjonstekniske krav og løysingar er tilfredsstillande tatt i vare i høve til tryggleik, brann, trafikktryggleik, universell utforming og estetikk. Kommunen behandlar desse planane samtidig med reguleringssak og/byggesak.

Ved å planlegge for handtering av avfall, vil me unngå planar der vegane ikkje er dimensjonerte for renovasjonsbil eller dei er utan tilstrekkeleg snuplass, planar der det ikkje er sett av areal til plassering av avfallsdunkar eller store nok avfallsrom, eller der avfallsdunkane er plasserte slik at renovasjonsbilen ikkje kan tøme dei.

Regelverk

Dette er ei lovpålagd teneste. Kommunen fastset ei renovasjonsforskrift som omtalar ordninga og rettar og plikter for kommune, abonnenten og renovatøren.

Gjeldande lokal renovasjonsforskrift

Felles avfallsnorm for kommunane Klepp, Gjesdal og Hå

Lov om vern mot forureiningar og om avfall (forureiningslova) § 30 Kommunal innsamling av hushaldningsavfall m.v