Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Avfallsortering ved bygging

Generelt

Alle som skal byggja, riva eller rehabilitera bygg av ein viss storleik, skal laga ein plan for korleis avfallet skal handterast. Dette gjeld òg tiltak som ikkje er søknadspliktige etter plan- og bygningslova). Minst 60 % av avfallet må kjeldesorterast. Målet er mellom anna å hindra at miljøfarlege stoff blir spreidde, redusera mengda byggavfall, og auka gjenbruk og gjenvinning.

Etter at tiltaket er fullført, skal avfallsprodusenten senda inn sluttrapport som dokumenterer kor mykje som er innlevert av dei ulike avfallsfraksjonane.

Etter byggesaksforskrifta § 8-1 skal sluttrapport sendast  inn saman med søknad om ferdigattest.

Målgruppe

Avfallsprodusentar, det vil seia tiltakshavarar (byggherrar) og ansvarleg utførande føretak.

Kriterier/Vilkår

Kravet om avfallsplan gjeld mellom anna

  • nybygg over 300 m² bruksareal
  • riving/rehabilitering av bygg over 100 m² bruksareal

Regelverk

Sjå spesielt kap.9 (ytre miljø) i byggteknisk forskrift (TEK 10)

Forskrift om tekniske krav til byggverk (TEK 10)

Avfallsreglar i plan- og bygningslova (rettleiar frå DiBK)

Praktiske opplysningar

Ein tilrår at du nyttar skjemaa for avfallsplan og sluttrapport (sjå under). I samband med rehabilitering og riving skal du òg utarbeida ei eiga miljøsaneringsutgreiing for farleg avfall.

Avfallsplanen skal mellom anna innehalda

  • eit estimat over mengder og typar byggavfall som vil oppstå i samband med tiltaket
  • ein plan for korleis byggavfallet skal handterast og disponerast

Sluttrapport med avfallsplan for nybygg

Sluttrapport med avfallsplan for rehabilitering og riving

Saman med sluttrapporten skal du levera kopi av kvitteringar for avfallet som er levert. Dette kan vera:

  • ordinær kvittering frå avfallsmottak
  • deklerasjonsskjema for farleg avfall (det er deklerasjonsplikt ved levering av farleg avfall)
  • eigenmeldingsskjema (dersom du til dømes har selt takstein eller treverk, eller brukt nedknust betong som fyllmasse eller tilsats på byggjeplass)

For tiltak som både

  • krev søknad og løyve etter plan- og bygningslova og
  • utløyser krav om avfallsplan og eventuell miljøsaneringsutgreiing

vil handsaming av avfallsplan og miljøsaneringsutgreiing vera knytt opp mot byggjesakshandsaminga.

Vil vera avhengig av byggjesaka og type byggjetiltak

Dersom du ikkje får godkjenning, kan du klaga til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottek avslaget. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast.

Dersom du treng rettleiing, kan du venda deg til kommunen. 

Dersom kommunen let vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klaga skal takast til følgje.