Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Avfall og gjenvinning

Kjeldesortering av avfall

Illustrert sorteringsguide

Tømmekalender 2016

Hushaldsavfallet skal sorterast i seks ulike fraksjonar og leggast i separate behaldarar, eller leverast til miljøstasjonane:

· Papir, papp, drikkekartong

Skal leggast i 240 l grå behaldar med grønt lok. Har du meir papir og papp enn du får plass til i papirbehaldaren, kan du levera ekstra sekkar med papir som blir sett fram saman med papirbehaldaren på tømmedag for papir. Desse ekstrasekkane kan kjøpast på rådhuset (ekspedisjonen 1. et. og biblioteket) for kr 20,- pr sekk. Renovatøren tar berre med sekkar merka med EKSTRASEKK PAPIR, KLEPP.

· Våtorganisk avfall

140 l grå behaldar med brunt lok, eller heimekompostering.

· Plastemballasje

240 l gjennomsiktig perforert plastsekk, ev. kan du kjøpa ein 240 l grå behaldar med gult lok. (Hugs at plasten likevel må samlast i den perforerte plastsekken.)

Ikkje kast isopor saman med plastemballasjen! Årsaken er at isopor (ekspandert polystyren) gjennom ettersorteringa ikkje blir materialgjenvunne. Dessutan skaper den problem ved at den brytest ned i mindre bitar, kvervler rundt og fester seg til annan gjenvinnbar plast og maskinkomponentar. Mindre mengder skal kastast i restavfallet. Har du større mengder kan isopor leverast separat til gjenvinningsstasjonar. Der blir isoporen teke vare på og materialgjenvunne i eigne anlegg.

· Glas og metall

Skal leverast på ein av dei ubetente miljøstasjonane. NB! Ildfaste former, keramikk, porselen, krystall og peisglas er restavfall.

· Restavfall

120 l eller 240 l grå behaldar. Dei som har born under 3 år kan kjøpa ein behaldar for bleier, dersom det blir fullt i restavfallsbehaldaren. Ekstrasekkar for restavfall kan kjøpast på rådhuset (ekspedisjonen 1. et. og biblioteket). Ekstrasekk for restavfall kostar kr. 35,- pr. sekk. Den ekstra sekken med restavfall skal settast ved sida av restavfallsbehaldaren på tømmedag for restavfall.

· Farleg avfall

Raud behaldar - skal leverast til betjente gjenvinnigsstasjonar.

· EE-avfall (elektrisk og elektronisk avfall)

Skal leverast tilbake til butikk eller til betjente gjenvinningsstasjonar.

Returordningar for avfall

Det finst ulike returordningar for ulike typar avfall som skal gjennvinnast. Kommunen har plikt til å ta imot visse typar avfall. Det same har produsent eller forhandlar.

· Kasserte elektroniske og elektriske produkt (EE-avfall, inkluderer kuldemøbel)

Kommunen skal sørgja for at det finst eit dekkjande tilbod for mottak av EE-avfall. EE-avfall kan òg leverast til ein forhandlar av tilsvarande EE-produkt. For hushalda er dette gratis. Leverer du næringsavfall til ein forhandlar, vil det ikkje kosta noko dersom du samstundes kjøper ei tilsvarande mengd EE-produkt.

· Miljøskadelege batteri

Batteri kan leverast gratis i retur til forhandlar når dei bli kasserte. Mottaksplikta er avgrensa til den kategorien batteri som forhandlar sel.

· Kasserte dekk

Forhandlaren har plikt til å ta kasserte dekk i retur.

· Flasker og boksar (emballasje til drikkevarer)

Utsalsstader har plikt til å ta imot ei rimeleg mengd returar av tomemballasje som går inn i ei panteordning og som dei sjølv forhandlar. Du kan krevja å få pantesummen utbetalt kontant.

· PCB-haldige isolerglasruter

Isolerglasruter produsert fram til 1980 kan innehalda PCB og skal leverast inn som farleg avfall. Hushald kan levera PCB-ruter gratis til kommunalt avfallsmottak. Kommunen har plikt til å motta inntil 500 kg PCB-ruter per år per avfallseigar.

 

Sjå også IVAR sine heimesider: www.ivar.no.

Avfallsguide for gjenvinningsstasjonar

Forskrifter og regelverk

Gjeldande lokal renovasjonsforskrift            

Felles avfallsnorm for kommunane Klepp, Gjesdal og Hå  

Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta)