Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Skoging i friområde på Orstad

Varsel om oppstart

Snauhogst og planting av ny skog

Skoging på Orstad

Område 2 innanfor rødt omriss skal skogast.

Informasjon om anleggsperioden

Ein skal i gang med å kappa ned furuskogen, som no er hogstmoden. Grunngjevinga for å ta ned skogen er at den no er komen til den rette alderen for dette. Dersom ein ventar lenger med å ta ned skogen, vil han kunne utgjera ein trussel for bygningane i nærleiken. Skogen vil bli teken ned ved manuellhogst, kombinert med traktor og tømmervogn. Ein vil sikra kanttre samt avsperra området for at arbeidet skal bli utført på ein sikker måte.

Etter skoginga vil området bli planta til med furu, eik og bjørk for å etablera ein ny blandingsskog. Gangstiene gjennom området vil oppretthaldast.

Framdrift

Arbeidet vil starta opp i veke 5 og avsluttast innan april 2019.

Trafikk og støy i anleggsperioden

Arbeidet med å fjerna eksisterande skog vil medføra noko støy. Dette arbeidet vil føregå 2-3 veker frå oppgitt anleggsstart.

Det vil også bli noko anleggstrafikk i denne perioden i samband med uttak av tømmeret.

Arbeidstid

Arbeid vil føregå i tidsrommet 06:30 - 16:00.

Kontaktinformasjon

Entreprenør: Lloyd Vaule

 

Lloyd Vaule

Kontaktinformasjon entreprenør

 

Mobil: 481 55 056

e-post: lloyd@lloydvaule.no

 

Egil Bærheim

Prosjektleiar - Klepp kommune

 

Mobil: 479 04 230

e-post: egil.barheim@klepp.kommune.no

 

Einar Hetland

Oppsynsmann - Klepp kommune

 

Mobil: 454 03 101

e-post: einar.hetland@klepp.kommune.no