Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Anleggsarbeid ifb. ny gravplass på Kleppe

Varsel om oppstart

Oppdatert 30.01.2019

Informasjon om at det vil føregå anleggsarbeid i forbindelse med bygging av ny gravplass på Kleppe.

Rødt område = Område for graving

Informasjon om arbeidet

I forbindelse med opparbeidinga av ny gravplass på Kleppe er det behov for noko justering av terrenget på gravplassen. Dette for å tilpassa terrenget mot dei interne vegane og adkomstsonen i aust.

Det ferdige terrenget vil bli løfta med inntil 1m i forhold til dagens terreng. Inn mot nabotomtene i nord skal ikkje terrenget endrast, men justeringene vil bli foretatt utover arealet. På dette store arealet vil denne terrengjusteringa vera lite synleg når arbeidet er ferdig.

I anleggsfasen vil vekstjorda på området leggjast opp i haugar før påfylling av morenemassar. I denne perioden vil det bli liggjande haugar med massar inne på området. Når påfyllinga er gjort vil vekstjorda leggjast ut på området igjen.

Det vil bli sendt nytt varsel før arbeidet med ferdigstilling av gravplassen startar opp.

Framdrift

Arbeidet vil starta opp ca. veke 5 og vil pågå frem til ca. veke 12, 2019.

Trafikk og støy i anleggsperioden

I periodar medan terrengjusteringa pågår vil det bli noko anleggstrafikk og maskinstøy frå området. Trafikken inn og ut av området skjer mot Orrevegen.

Arbeidstid

Arbeid vil normalt føregå i tidsrommet 07:00 - 18:00.

Klepp kommune håpar på godt samarbeid i anleggsperioden og håpar du tar kontakt med prosjektleiar eller entreprenør dersom du har praktiske spørsmål vedrørande arbeidet.

Kontaktinformasjon

 

Entreprenør: Mellemstrand AS

 

Ole Morten Mellemstrand AS

Kontaktinformasjon entreprenør

 

Mobil: 908 53 208

e-post: omm@mellemstrand.no

 

 

Frode Heigre

Prosjektleiar - Klepp kommune

 

Mobil: 930 55 777

e-post: frode.heigre@klepp.kommune.no