Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Tilbygg/Påbygg

Tilbygg aukar bebygd areal og bruksareal for bygningen. Om utrekning viser at tillate tomteutnytting eller garasjeareal vert overskride, så må det søkjast om dispensasjon. Viss tiltaket fører til at avstand til nabogrense blir mindre enn 4 meter og totalt bebygd areal eller bruksareal for bygningen overskrider 50 m², så må det frå nabo foreligge skriftleg erklæring om samtykke til plasseringen.

Mindre tilbygg som ikkje inneheld bustadrom kan oppførast utan søknad dersom visse vilkår er oppfylt.

Påbygging aukar bruksarealet for bygningen. Slike tiltak medfører inngrep i/endring på berande konstruksjonar, og krev søknad med ansvarsrett.