Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Mur

Mur/støttemur med høgd inntil 1,0 meter og avstand min. 1,0 m frå tomtegrense kan oppførast utan søknad. Mur/støttemur med høgd inntil 1,5 meter og avstand min. 4,0 m frå tomtegrense kan oppførast utan søknad. Sjå her for informasjon. Murar med større høgde og/eller med mindre avstand til tomtegrense krev søknad, oftast med ansvarsrett. Hugs at det er krav om fallsikring der det er nivåforskjellar på 0,5 meter og større.

For bustadområde kan det vere bestemmelsar til regulerings- eller bebyggelsesplan som set rammer og vilkår for oppføring av tiltak som nevnt ovanfor.