Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Garasje/hagestove/bod

Oppføring av uthus (garasje/hagestove/bod e.l.) krev ikkje søknad dersom visse vilkår er oppfylt. Vilkåra finn du her. Viss eitt eller fleire av desse vilkåra ikkje er oppfylt, så må byggesøknad sendast til kommunen.

Denne vegvisaren kan vere til hjelp.

Dersom samla areal av eksisterande garasje/uthus vert større enn det garasjeareal som reguleringsbestemmelsene for området tillet, så må det søkast om dispensasjon frå bestemmelsen. Det same gjeld dersom tiltaket vil overskride regulert byggegrense eller frisiktlinje. Dette må ein informere om ved nabovarsling.