Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Skal du bygge?

OBS: Tysdagar og fredagar vil tilsette på byggesaksavdelinga pga. digitaliseringsarbeid ikkje vere tilgjengeleg for publikum. Dette gjeld både på telefon og på kontor.

 

Søknad

Søknad eller ikkje søknad

 

Tiltak som ikkje treng søknad eller løyve

Før igangsetting av tiltak som er unntatt søknadsplikt kan du gjerne informere nabo(ar). Det gjeld elles som alltid at tiltaket ikkje må vere i strid med bestemmelsar for området. Sikre deg om at tiltaket ikkje vil kome i konflikt med VA-leidningar eller kablar.

Er du i tvil så kan du gjerne sende inn ein søknad til kommunen. Viss det då viser seg at tiltaket likevel ikkje treng søknad, så får du tilbakemelding om dette gebyrfritt. Det kan vere vanskeleg for saksbehandlar å gjere denne vurderinga etter ei muntleg skildring av tiltak.

 

Tiltak som krev søknad og løyve og der tiltakshavar sjølv kan vere ansvarleg

Mindre tiltak på bebygd eigedom Alminnelege driftsbygningar i landbruket

Dette tyder at tiltakshavar er ansvarleg overfor kommunen i samband med byggesaken, og har ansvaret for at tiltaket vert utført i samsvar med løyvet. Kven som utfører tiltaket vedkjem ikkje kommunen.

Det er ingenting i vegen for at søknad om tiltak som i følge lovverket ikkje treng ansvarsrett, blir behandla som søknad med ansvarsrett dersom tiltakshavar ønsker det.

 

Tiltak som krev søknad og løyve med ansvarsrett (ansvarleg føretak)

Godkjende føretak har alt ansvar for søknadsprosess, prosjektering og utføring av tiltaket.

 

Informasjon om ulike tiltak
Bod             ► Garasje       ► Terrasse      ► Bustadhus    ► Bruksendring    ►
Bad             ► Levegg        ► Tilbygg        ► Bueining       ► Fasadeendring ►
Mur             ► Gjerde        ► Påbygg        ► Hagestove    ► Terrengendring ►
Slik søker du

1. Lag teikningar (plan, snitt og fasadar) av tiltaket, målsett og i målestokk 1:100 eller 1:50. Søknader om tiltak på landbrukseigedommar kan gjerne ha ein tilpassa målestokk slik at teikningar passar i arkformat A3 eller A4.

2. Teikn tiltaket inn på situasjonskart i målestokk 1:500, ev. mindre for tiltak på landbrukseigedommar. Målsett avstander til andre bygningar, tomtegrenser og kant eller midten av veg.

3. Varsle naboar og gjenbuarar som tiltaket rører ved. Dette kan gjerast ved at ein oppsøker heimelshavarane og får deira underskrift, eller at varselet vert sendt rekommandert. Dersom tiltaket krev dispensasjon frå plan- og bygningslov, vedtekter eller arealplanar så må det informerast om dette ved varslinga. Vent med innsending av byggesøknad til merknadsfristen på 2 veker er omme viss ikkje alle varsla har kryssa av for samtykke til tiltaket, eller dersom varselet er sendt rekommandert.

4. Send søknaden med følgande vedlegg til  kommunen:

  • Ev. begrunna dispensasjonssøknad
  • Dokumentasjon på nabovarsling (Kvittering for nabovarsel)
  • Ev. nabosamtykke til plassering
  • Opplysningar gitt i nabovarsel
  • Ev. nabomerknader med dine kommentarar
  • Situasjonsplan (Situasjonskart med tiltaket innteikna)
  • Teikningar av tiltaket

Søknader etter § 20-1 i plan- og bygningslova må i tillegg vedleggast søknader om ansvarsett og gjennomføringsplan.

Opplysningar som skal gis ved søknad om tillatelse til tiltak

Oversikt over kva dokumentasjon som skal føreligge i tiltaket

 

Alle søknader kan gjerne sendast til postmottak@klepp.kommune.no.

Legg ved vedlegga som separate pdf-filer. Dette gjeld óg ev. rørleggerskisser ved søknad om ferdigattest. For tiltak som krev innmåling så ønsker ein koordinater innsendt på digitalt format, helst SOSI.

 

 

Blankettar

Elektroniske skjema

Søknad om løyve til tiltak utan ansvarsrett

Søknad om løyve til tiltak utan ansvarsrett med dispensasjonssøknad

Søknad om løyve til tiltak med ansvarsrett

Erklæring om ansvar

Søknad om endring av gitt løyve eller godkjenning

Søknad om ferdigattest

Søknad om ferdigattest med avfallsrapport (nybygg)

Søknad om ferdigattest med avfallsrapport (rehabilitering, riving)

Søknad om mellombels bruksløyve

 

 

Søknad om løyve til tiltak

For tiltak utan ansvarsrett - Blankett nr. 5153

For tiltak med ansvarsrett (ansvarleg søkar) - Blankett nr. 5174

Det er ikkje eit krav at ein bruker blankettar ved søknad om løyve til tiltak, men dei kan vere til hjelp for å skaffe nødvendig informasjon i samband med byggesaka.

 

Dispensasjonssøknad

Viss tiltaket krev dispensasjon må byggesøknaden vedleggast begrunna dispensasjonssøknad. Det er ingen standardblankett for søknad om dispensasjon, men denne blanketten kan nyttast. Hugs at det ved nabovarslinga må informerast om dispensasjonssøknaden.

 

Nabovarsling

Nabovarsel - Blankett nr. 5154

Denne blanketten vert brukt når nabovarslinga blir sendt med post (rekommandert). Den kan óg brukast i dei tilfelle der den varsla ønsker å nytte seg av merknadsfristen på 2 veker, for på denne blanketten finn ein nødvendige opplysningar og kontaktinformasjon til tiltakshavar/søkar som er mottakar for ev. merknader. Dersom du treng naboliste så kan du ta kontakt med byggesaksavdelinga.

 

Kvittering for nabovarsel - Blankett nr. 5156

Ved varsling skal heimelshavar signere, datere og krysse av for anten 'motteke varsel' eller 'samtykke til tiltaket'. Viss varsel blir sendt rekommandert så tek ein denne blanketten med til postkontoret. For kvar sending skal blanketten påførast eit gult merke som stadfesting på at varsel er sendt til kvar heimelshavar. Blanketten skal vedleggast byggesøknaden.

 

Opplysningar gitt i nabovarsel - Blankett nr. 5155

Denne blanketten dokumenterer kva ein har informert om ved varslinga, og skal leggast ved byggesøknaden som vert sendt til kommunen.

 

Naboerklæring om samtykke til plassering

Denne blanketten kan nyttast i dei tilfelle kor tiltaket medfører at bygning med samla BYA/BRA større enn 50 m² vil komme nærare felles tomtegrense enn 4 meter. Tiltakshaver stadfestar med dette at naudsynt brannsikring vil bli ivaretatt ved utføring av tiltaket, og det medfører ingen avgrensing av utnyttinga av naboeigedommen.

Naboerklæring om samtykke til plassering nærare nabogrense enn 4 meter

Alternativt kan nabo forplikte seg til å ikkje bygge nærare omsøkte tiltak enn 8 meter uten at brannsikring blir ivaretatt på eigen eigedom. Denne avtalen set dermed vilkår for utnyttinga av nabotomten og må tinglysast som hefte på eigedommen.

Erklæring om samtykke til plassering og brannsikring på naboeigedom til tinglysing

 

Ferdigmelding

Dei aller fleste tiltak skal avsluttast med ferdigattest. Når ferdigattest er gitt vert byggesaken avslutta.

 

Søknad om ferdigattest - Blankett nr. 5167

 

Søknad om mellombels bruksløyve - Blankett nr. 5169

 

 

Andre skjema

Blankettar på begge målføre kan finnast her Der finn ein bl.a. blankettar for søknad om endring av løyve, blankett for erklæring om ansvarsrett, gjennomføringsplan, avfallsplan og sluttrapport.

 

ByggSøk

ByggSøk er den nasjonale løysinga for elektronisk kommunikasjon i plan- og byggesaker, og denne tenesta finn du på heimesida til Direktoratet for byggkvalitet. ByggSøk kan óg brukast for søknader om tiltak utan ansvarsrett.

ByggSøk      Rettleiing for bruk av ByggSøk for søknad utan ansvarsrett

Situasjonskart, naboliste og reguleringsplan

Sjølvbeteningsløysing for situasjonskart

Klepp kommune lanserer nå saman med fleire andre kommunar i distriktet ei sjølvbeteningsløysing for bestilling av situasjonskart. Løysinga skal fungere på dei fleste plattformer og nettlesarar.

Gå inn på lenka under for å bestille situasjonskart for eigedommen du ønsker. Ved bestilling vil du få tilsendt alle kart, bestemmelsar og informasjonsskriv som er naudsynt for å kunne søke om eit tiltak. Dokumenta vert sende som e-postvedlegg i pdf-format, og du treng pdf-lesar for å kunne sjå dokumenta. Bestillinga er gratis, men ved ev. byggesaksbehandling vil eit gebyr for situasjonskartet tilkome.

Bestille situasjonskart

Slik bruker du løysinga:

  1. Skriv inn adresse eller gards-/bruksnummer i søkefeltet.
  2. Vel korrekt adresse eller eigedom i nedtrekksmenyen.
  3. I boksen som kjem opp vel du 'Bestill kart'. (Du kan ev. velje ein annan eigedom ved å trykke på venstre museknapp innanfor grenselinjene på kartet.) På høgre side kjem opp skjema for bestilling.
  4. Under 'Produkt' vel du 'Situasjonskart_1120'. (Arkstorleik og målestokk blir vald automatisk, men kan overstyrast. I dei fleste tilfelle er det passande med kartutsnitt (A4) i målestokk 1:500 med aktuell byggeplass sentrert i utsnittet. Utsnittet kan flyttast ved å halde nede venstre museknapp.)
  5. Skriv inn e-postadressa som produkta skal sendast til.
  6. Trykk 'Bestill kart' når alt er utfylt.

Det kjem vanlegvis opp ei nedlastingslenke i løpet av ca. 30 sek.. Om dokumenta av ein eller annan grunn ikkje vert produsert som forventa, så vil e-posten innehalde informasjon om dette.

Eigedommar kan vere for store til å få plass på kartutsnitt i målestokk 1:2000. Då må situasjonskartet produserast manuelt. Du vil i så fall få beskjed om dette.

Du vil få tilsendt fleire reguleringsbestemmelsar dersom fleire reguleringsplanar har avgrensing innanfor kartutsnittet. Plannummera tilknytta bestemmelsar og tilhøyrande plankart skal vere like.

Ta kontakt med byggesaksavdelinga om du er i tvil.

 

Kommunen tek atterhald om ev. feil og manglar i tilsendt dokumentasjon.

 

Naboliste

Bestilling av naboliste kan gjerast via Infoland. Dette gjer ein enklast i samband med bestilling av situasjonskart. Nede på bestillingssida for situasjonskart er link til Infoland. Leveransen inneheld blankettar utfylt med namn og adresser på heimelshavarar, oversiktskart og opplisting på excel-fil.

Eigedomsinformasjon kan óg finnast på Se eiendom. (Krev innlogging via ID-porten.)

Ta kontakt med kommunen på tlf. 51 42 98 00 om du lurer på noko.

Slik finn du reguleringsplan for ein eigedom

Her er informasjon om aktuelle reguleringsplanar og korleis du finn gjeldande plan for ein eigedom vha. SMART-portalen.

 

Saksbehandling

Gebyr

Til nettside for kommunale gebyr   ►

 

Tidsfristar
Søknad etter pbl § 20-4 (utan ansvarsrett)   3 veker
Søknad etter pbl § 20-3 (eittrinnssøknad)   3 veker
Søknad om løyve til igangsetting etter pbl §§ 20-3 og 21-2 (totrinnssøknad)   3 veker
Søknad om endring av løyve eller godkjenning etter pbl § 20-3   3 veker
Søknad om mellombels bruksløyve   3 veker
Søknad om ferdigattest   3 veker
Søknad om rammeløyve etter pbl §§ 20-3 og 21-2 (totrinnssøknad) 12 veker
Søknad om endring av rammeløyve etter pbl §§ 20-3 og 21-2 12 veker

Dispensasjonssaker har 12 veker behandlingsfrist. I § 21-7 i plan- og bygningsloven og i kap. 7 i byggesaksforskriften står det meir om tidsfrister og verknader av lengre saksbehandlingstid.

 

Tidsrekninga gjeld frå det tidspunktet fullstendig søknad er motteke.

 

Klage

Løyve gitt i medhald av plan- og bygningslova er enkeltvedtak som kan påklagast med heimel i forvaltningslova. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er mottatt. Alle med rettsleg klageinteresse kan påklage eit vedtak.

Forvaltningslova kap. VI 28 om klage og omgjering Fvl. § 32 om krav til innhald i klage

Lovverk, byggereglar og retningslinjer

Lover

Plan- og bygningslova Nabolova Grannegjerdelov PBL in English

Forskrifter

Teknisk forskrift (TEK 10) Byggesaksforskrift (SAK 10) TEK 10 in English SAK 10 in English

Rettleiingar

Rettleiing TEK 10 Rettleiing SAK 10 Grad av utnytting Avfallsreglar i PBL

Relevant reglement

Oversikt over lover og reglement som kan vere relevant i tilknytning til byggesaker   ►

Retningslinjer for fortetting

Klepp kommunes retningslinjer for fortetting

Nye reglar frå 01.07.2015

Informasjon om tiltak som ikkje treng søknad frå 01.07.2015.

Lenke til NKF sine informasjonsark om enkelte tiltak.

Informasjon om kva vilkår som må vera oppfylt for at tiltak er unnateke søknadsplikt.

Kort forklart

Ansvarsrett og sentral godkjenning

Ansvarsrett er retten til å ha ansvar for ein eller fleire funksjonar innan eit eller fleire fagområde i samband med tiltak etter plan- og bygningslova. Mange føretak har sentral godkjenning for ansvarsrett, og desse er registrert i eit ope register. Desse har dokumentert tilstrekkeleg faglege kvalifikasjonar for dei funksjonar og fagområder som er oppgitt ved godkjenninga.

Her kan du finne føretak som har sentral godkjenning for ulike funksjonar og fagområde   ►

Avfallsplan og sluttrapport

Avfallsplan er oversikt over planlagt handtering av antatt mengde av ulike typar bygge-/rivingsavfall. Denne skal bl.a. finnast ved oppføring av tiltak med BYA/BRA > 300 m² og riving av tiltak med BYA/BRA > 100 m². Sluttrapporten (som vert laga etter at tiltaket er utført og skal sendast inn i samband med ferdigmelding) inneheld opplysningar om faktisk og dokumentert disponering av avfallet. I rivingssaker skal det i tillegg utarbeidast miljøsaneringsbeskriving. Meir om dette her

Bebygd areal (BYA), bruksareal (BRA), utnyttingsgrad, gesims- og mønehøgd

Temarettleiinga Grad av utnytting viser korleis ein finn og reknar ut dette (7,3 MB)

Ferdigattest

Nesten alle tiltak skal avsluttast med ferdigattest. Unnatak er oppretting av eigedom, festegrunn, arealoverføring, midlertidige tiltak som ikkje skal brukast til varig opphald, og skilt- og reklameoppstillingar med tidsavgrensa løyve.

Meldingssaker (etter gammalt lovverk, dvs. før 01.07.2010) treng ikkje ferdigattest.

For bustader frå før 1997 kor det føreligg mellombels bruksløyve er det ikkje naudsynt å søke om ferdigattest. Eigar bør likevel kontrollere at dei manglane som er notert i bruksløyvet er utbetra. I 1997 blei kontrollansvaret overført frå kommunen (bygningskontrollen) til ansvarleg søkjar.

Frisiktsone

Ved avkøyrsel for bustadeigedom til bustadveg gjeld generelt at frisiktsonene skal vera minimum 2 meter målt langs avkøyrselens sidelinjer og 5 meter målt frå avkøyrselens sidelinjer langs vegkanten.

Påkravde frisiktsoner ved avkøyring frå bustadeigedom

Innanfor frisiktsoner må det ikkje vera sikthinder med større høgd enn maks. 0,5 meter målt frå nivået til veg. Heimelshavar har ansvaret for at ev. sikthindre i frisiktsoner vert fjerna. For eigedommar ved kryssande vegar eller vegkurver kan det vera regulert frisiktsone innanfor tomtegrenser. Dette er i så fall vist på arealplankartet for området.

Gjerdeplikt

Det kan vere bestemmelsar om gjerdeplikt som gjeld innanfor eit bustadfelt, men dette står ikkje i reguleringsplanar eller utbyggingsavtalar. Kommunen har difor ikkje oversikt over ev. reglar om gjerdeplikt for dei ulike bustadområda. Sjå i kjøpskontrakt eller tinglyste dokument for eigedommen. Dette høyrer til privatretten, og kommunen tek ikkje omsyn til dette ved behandling av ev. søknader om oppføring av levegg i tomtegrense. (Oppføring av gjerde eller planting av hekk i tomtegrense treng ikkje søknad, men snakk med nabo på førehand.)

"Mindre byggetiltak"

Mindre tiltak i følge byggesaksforskrifta   ►

Nabo og gjenbuar

Alle heimelshavarar som har tomt med felles grenselinje eller felles grensepunkt er naboar.

Gjenbuar er eigar av eigedom på motsett side av veg/friområde e.l. i forhold til tomta der tiltaket skal oppførast.

Nabovarsling

Naboar og gjenbuarar må varslast dersom deira interesse vert råka av tiltaket. Dette blir ei vurderingssak, men grunngje skriftleg dersom du meiner at nokon av desse ikkje treng varslast. Hugs at det er heimelshavar (eigar av eigedommen) som skal varslast.

Sjølv om ein ikkje vil gi samtykke til tiltaket det varslast om, så er det korrekt å signere, datere og krysse av for at varselet er motteke på kvitteringsblanketten. Frå denne datoen har ein normalt 2 veker til å komme med ev. merknad. Merknader skal sendast til tiltakshavar/søkar slik at tiltaket ev. kan endrast før innsending til kommunen. Merknaden kan gjerne sendast med kopi til kommunen.

Personleg godkjenning

Kommunen kan godkjenne person som sjølvbyggar av eigen bustad eller fritidsbustad, sjå byggesaksforskrifta § 6-8 her

Radon

Dersom ein ønsker å utføre ei måling av ev. førekomst av radongass, så kan innbyggarar i kommunen nytte eit tilbod i samarbeid med Brannvesenet og Radonassistanse AS. Meir informasjon om dette finn du her   ►

Rekkverk

Her finn du tekniske krav til rekkverk og fallsikring.

Situasjonsplan og situasjonskart

Situasjonsplan er eit situasjonskart med planlagd tiltak innteikna. Eit situasjonskart er eit kartutsnitt med informasjon om eigedom (gnr/bnr), tomtegrenser, kotelinjer m.m. Her er eit eksempel på ein situasjonsplan

Tilbygg og påbygg

Tilbygg er bygging inntil eksisterande bygning. Tilbygg fører til auking av grunnflata til bygningen. Dvs. auking av bebygd areal (og oftast bruksareal).

Påbygg er bygging oppå eksisterande bygning. Påbygg fører ikkje til endring av grunnflata til bygningen, men samla bruksareal kan verte større. Dette gjeld eksempelvis takopplett. Slike tiltak medfører endringar i berande konstruksjonar, og søknad om tiltak må behandlast etter § 20-1 (med ansvarsrett).

Tiltak

Tiltak er oppføring, riving og endring av bygningar, konstruksjonar og anlegg, terrenginngrep, oppretting og endring av eigedom.

Tiltakshavar

Tiltakshavar er den parten i ei byggesak som 'eig' tiltaket. Dette er oftast heimelshavar (eigar av eigedommen), og er det same som byggherre. Det er ingen kvalifikasjonskrav til tiltakshavar. Tiltakshavar sjølv er søkar for søknader om tiltak etter § 20-4 i plan- og bygningslova.

Utleige

Så lenge bruken er i samsvar med godkjenninga, så er det opp til eigar kva ein vil leige ut. Det er særleg viktig at rom som vert utleigt til varig opphald oppfyller gjeldande tekniske krav til slike rom, og ikkje på nokon måte kan utgjere fare for liv og helse for brukaren. At godkjende opphaldsrom i t.d. ein underetasje kan leigast ut er ikkje det same som at det er ein godkjend leilighet. All parkering av køyrety må gjerast i tråd med bestemmelsar og ikkje til ulempe for andre.

Information in English

Basic information in English

Ta kontakt

Ta kontakt med byggesaksavdelinga viss du treng hjelp med søknad eller anna vedr. byggesak.

Dersom lenker på denne sida ikkje fungerer som venta, eller dersom du har innspel for å gjere nettsida betre, så er me svært takksame om du vil gje oss ei tilbakemelding.