Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Samanslåing av eigedommar

Eigedommar som ligg i same kommune og har same eigar kan slåast saman. Dersom det vert søkt om oppføring av tiltak over eigedomsgrenser, så kan det i løyvet krevjast samanslåing av eigedommane.

Bruksnummeret som skal utgå må ikkje ha hefte.

Blankett for krav om samanslåing av eigedommar

Legg ved kartutsnitt, stadfesting av varsling av ev. heimelshavarar til bruksrett, og dokumenter som er naudsynt for å få tinglyst samanslåinga. Sjå matrikkelforskriften § 43 for meir informasjon om samanslåing av eksisterande matrikkeleiningar.

Samanslåing av eigedommar er utan kostnad.