Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Historisk eigedomsarkiv

Saksdokument frå Klepp kommune sitt eigedomsarkiv er no tilgjengeleg i Doctorg innsynsløysing. Bruk av løysinga krev innlogging via ID-porten. Det er førebels dokument frå saker før 2012 som er tilgjengeleg.

For eigarar av eigedom(ar) eller seksjon(ar)* vil desse visast under menyvalet ’Min eiendom’ etter at ein har logga inn. Under menyvalet ’Kart’ kan ein søke på gateadresse eller GID.

Dokumenta kan sorterast på kategori og/eller saksnummer/år. Graderte dokument vil ikkje visast i løysinga, men kan bestillast hjå kommunen.

 

*For seksjonseigarar:

Etter pålogging vil ein få tilgang til saker registrert på sin seksjon. For å kunne sjå dokument tilknytt byggesak for bustadhus (oftast registrert på grunneigedommen) må ein etter pålogging gjere følgjande:

  • Velg ’Kart’ i menyfeltet
  • Slett adressen som står i søkefeltet
  • Skriv inn gards- og bruksnummer for eigedommen
  • Klikk på rett adresse i trefflista
  • Filtrer dokument frå byggesak på saksnummer/år